Vil ha nye tog på Vossebanen og Arnalokalen

I eit brev til NSB ber fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg om at NSB si satsinga på nye tog og vil omfatte Vossebanen og Arnalokalen.

NSB førebur no seg på framtida og jakter på neste generasjons tog. Dei nye toga erstatta gammalt materiell og gi auka kapasitet. Val av leverandør skal bli gjort i år.

Fylkeskommunen har tatt initiativ til og nyleg gjennomført eit prosjekt om Nye Vossebanen. Vossebanen står i dag framfor store utfordringar med omsyn til infrastruktur, vognmateriell, informasjon, marknadsføring, ruteplan og samordning mot bussruter. 

I rapporten frå prosjektet er det peika på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebanen.

Rapporten om Nye Vossebanen blei presentert for visekonsernsjef Rolv Roverud i NSB på eit møte i Bergen 7. juni i 2007. På møtet kom visekonsernsjefen med konkrete lovnadar om at

Vossebanen og Arnalokalen skal vere med på satsinga på nytt togmateriell. Informasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i NSB sin uttale i oppslaget i Bergens Tidende sår tvil om dette.

- Med tilvisning til lovnaden på ovannemnde møte ber eg Dykk stadfesta at NSB si satsing på nye tog også vil omfatta Vossebanen og Arnalokalen, skriv fylkesordføraren i eit brev til konsernsjef Einar Enger i NSB.

11.02.2008 10:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart