På denne bakgrunn vedtok Vestlandsrådet samrøystes følgjande fråsegn i sitt møte 21. februar:
Fråsegna
”Etter det Vestlandsrådet kjenner til, vil det bli gjort framlegg om å etablere eit nytt direktorat for kriminalomsorgen i revidert nasjonalbudsjett til våren.
I Soria Moria- erklæringa heiter det om lokalisering av ny statleg verksemd:
”Lokalisering av ny statlig virksomhet skal skje utenfor Oslo, med mindre det foreligger særskilt begrunnelse. Ved valg av lokaliseringssted bør det tillegges vekt at den nye virksomheten skal bidra til å styrke allerede etablerte regionale nærings-, kompetanse- og forvaltningsmiljøer, eller bidra til å bygge opp nye”.
Auke i Oslo, reduskjon på Vestlandet
Frå 2003 til 2006 har det vore ei auke i sysselsetting i statleg administrasjon i Oslo på 1,5 %, mens det samla for vestlandsfylka har vore ei nedgang på 2,7 %. 6,7 % av sysselsettinga i Oslo er i statleg administrasjon, mens tilsvarande tal for landet som heilskap er på 3,8. Fylka på Vestlandet har ei sysselsetting i statleg administrasjon på 2,2% for Møre og Romsdal til 3,1 % for Hordaland. Dette viser at ein ikkje har lukkast med å snu lokaliseringsstraumen av statlege arbeidsplassar frå Oslo, og at Vestlandet har få arbeidsplassar innan statleg administrasjon.
Gylden sjanse
Regjeringa har no ei gylden sjanse til å vise at den har vilje og mot til å leggje sentrale statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø utanfor hovudstaden.
Store ringverknader
Vestlandsrådet vil vise til at lokalisering av sterke kompetansemiljø utanfor hovudstadsområdet, har stor betydning for dei stadene som blir tilført denne kompetansen. Det gir kompetansearbeidsplassar i områder der det er mangel på slike arbeidsplassar, og dei betyr mykje for den faglege utviklinga innan universitet og høgskuler i området. Det gir også grunnlag for etablering av private verksemder som arbeider opp mot dei statlege kontora. Etablering av eit direktorat utanfor Oslo har difor store ringverknader og er viktig for den regionale utviklinga i området. Dette gjeld ikkje berre for lokaliseringsplassen, men også for heile landsdelen.
Bergen har kompetansen
Vestlandsrådet viser til at det er etablert eit apparat innan kriminalomsorgen i Bergen alt i dag. Dei har eit stort nettverk og grensesnitt mot viktige FoU-institusjoner i Bergen, men også mot andre viktige miljøer nasjonalt og internasjonalt. UiB støtter ei etablering i Bergen og har alt sendt justisministeren brev om dette. Stortinget har også bede regjeringa om å greie ut eit ”universitetsfengsel” som eit samarbeid mellom Bergen fengsel og UiB.
Dette gjer at det ikkje er behov for særleg grad av utflytting og pendling. Kompetansen er langt på veg til stades i dag, og eit nytt direktorat vil raskt kunne etablere seg i Bergen.
Vi vil difor framheva at Bergen vil vere ein god plassering for eit direktorat for kriminalomsorgen. Vi kan ikkje sjå at det skulle vere spesielle grunner som tilseier at direktoratet må liggje i Oslo-området. Mange andre statlege verksemder fungerer godt gjennom aktiv bruk av telekommunikasjonsløysingar, med ei desentralisert lokalisering.”