Vestlandsrådet sitt første møte i 2008 vert halde i Bergen 20.-21. februar. Ei viktig sak på møtet vert drøfting av Vestlandsrådet sin funksjon og rolle framover.
Andre saker som rådet skal handsama er: Høyringsfråsegn til NOU 2008: 2 Fordeling av inntekter mellom regionale helseføretak, melding om kystskogbruket og Stjernø-utvalet si innstilling om ny struktur i høgare utdanning.
Klima og innovasjon
På samling om kvelden onsdag 20. februar vert det foredrag om to tema. Professor Helge Drange ved Nansensenteret skal snakka om «Klimaendringar globalt – og på fylkesnivå». «Marineholmen og Høyteknologisenteret – eit framtidretta innovasjonsmiljø for Vestlandet» er tittelen på orienteringa som Jan Einar Greve, styreleiar i Høyteknologisenteret, Sarsia Innovation AS og Sarsia Seed As, skal stå for.
Nasjonal transportplan
På møtet torsdag 21. februar skal strategidirektør Lars Aksnes, Vegdirektoratet, orientera om Nasjonal Transportplan.
Orientering frå fylka
Under open tima skal fylkesordførarane i dei fire fylka gje ei kort orientering om viktige saker i sitt fylke.
Hordaland fylkeskommune har i 2008 leiinga og sekretariatet for Vestlandsrådet.
Lenkjer til
Program for møtet
Saker til møtet