Eit samla Vestlandsråd krev at dei seks nye MTB-ane i Skjold-klassa skal vidareførast som ein del av Forsvaret.
Etter framlegg frå Gisle Handeland vart følgjande fråsegn samrøystes vedteken i Vestlandsrådet sitt møte 21. februar:
Fråsegna
”MTB-ane må vere ein viktig del av vårt forsvar
Forsvarspolitisk utval har i sin sluttrapport til Forsvarsstudien tilrådd at dei seks nye MTB-ane i Skjold-klassa ikkje skal vidareførast som ein del av Forsvaret. Vestlandsrådet finn konklusjonen heilt uakseptabel og vil peika på følgjande:
Dei nye MTB-ane har teknologi, stridskraft og fart som gjer dei særs godt eigna til å ivareta heilt sentrale forsvarspolitiske oppgåver som
- handheving av vår suverenitet i vårt sjøterritorium
- sikring av våre mange olje- og gassinstallasjonar
- trygging av interesser knytt til fiskerinæringa
- sikring av sjøgåande transport
Vestlandsrådet konstaterer at investeringa på nær 5 mrd kroner alt er gjort. Vestlandsrådet krev at MTB-ane inngår som ein viktig del av vårt forsvar i åra framover.”
Simon Sortland 21.02.2008 15:53