Etter mange år med uformelt samarbeid mellom Norsk handverksutvikling (NHU), Maihaugen, og Hordaland fylkeskommune vart det inngått ein formell intensjonsavtale 5. februar i år.

Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup og daglig leiar Eivind Falk, Norsk handverksutvikling (NHU), signerte 5. februar samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og NHU.
Føremålet med avtalen er å styrkja relasjonane mellom NHU og Hordaland fylkeskommune. Det vil føra til sterkare vektlegging på handlingsboren kunnskap i kulturminnevernet og bidra til auka fokus på kompetansebygging av handverkarar innan tradisjonelle handverksfag i regionen.
Rettar og plikter
Partane skal arbeida for å gjera seg nytte av kapasiteten ved dei to institusjonane og leggja tilhøva til rette for ein effektiv bruk av ressursar gjennom å organisere felles læringsarenaer, utvikla samarbeidsprosjekt og nytta kvarandre sin kompetanse, heiter det i avtalen.
Prosjektavtalar
Innanfor dei einskilde samarbeidsområda skal det utarbeidast eigne prosjektavtalar som regulerer ansvar for prosjektleiing, økonomi, marknadsføring og felles rett til bruk av materiale frå samarbeidsprosjekt.
Begge partar har ansvar for budsjettmessig oppfølging og bruk av ressursar i eigne organisasjonar.
Toårig avtale
Avtalen gjeld i to år frå februar 2008 og kan fornyast etter evaluering i slutten av perioden. Avtalen kan seiast opp av begge partar med skriftleg varsel, eller ved at alle tilhøve i kring pågåande eller planlagde prosjekt er avklarte.