17 raspunkt i dei 7 mest rasutsette fylka er vurderte. Dette omfattar europa- og riksvegar i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark.
Rassikring løner seg
– For første gang har vi utrekningar som viser at det løner seg for samfunnet å auka løyvingane til rassikring, seier leiar for rassikringsutvalet, Åshild Kjelsnes. Dei menneskelige kostnadene kjem i tillegg, og er ikkje tekne med.
Frå 2000 til 80 000 kr pr. time
Kostnadene ved ras på strekningane kan variera frå rundt 2000 kroner per time til over 80 000 kroner timen. Summane avheng av trafikkvolum, trafikksamansetjing og omkjøringsalternativ. E6 nord for Narvik har lengst omkjøring og størst samfunnsøkonomisk tap per time.
125 mill. kr i årleg «nytte»
Møreforsking vurderer årleg nasjonale nytteverknader av rassikring til rundt 125 millionar kroner. Over 25 år, med 4,5 kalkulasjonsrente og 1 prosent årleg trafikkvekst kan dette forsvara rassikringstiltak i dag på minst 2 milliardar kroner.
Stengt i 16 timer – i gjennomsnitt
Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms er de tre fylka med flest stengingar av vegar som følgje av ras; Inkludert fylkesvegar var det i Sogn og Fjordane i snitt 42 hendingar per år i 2001-2006, med gjennomsnittlig stengetid på 12,6 timar. I Møre og Romsdal var vegane stengde i gjennomsnitt 29,4 timar, i Troms 24,4 timer. Gjennomsnitt for de 7 fylka er 16 timar.
Hordaland – 10,5 timar stengt i gjennomsnitt
Hordaland har i snitt hatt 18 rashendingar årleg i perioden 2001-2006. Gjennomsnittleg stengetid har vore 10,5 timar.
Det samfunnsøkonomiske tapet ved stengingane ved tre undersøkte strekningar i Hordaland er: E134 Etne – Håland (Pino) 11 200 kr per time. RV 7 Eidfjord-Brimnes (Furlo) 29 000 kr. E16 Stalheimskleivane 20 215 kr per time.
Lenkjer til
Pressemelding frå nasjonal rassikringsgruppe
Samfunnsøkonomisk verdi av rassikring (rapport)
Presentasjon for media
Nasjonal rassikringsgruppe