Fristen for å søkje vidaregåande opplæring i Hordaland er utsett frå 1. til 3. mars.
Grunnen til dette er at 1. mars i år fell på ein laurdag. Ved søknad på www.vigo.no blir dermed den nye fristen måndag 3. mars klokka 23.59. Den nye fristen gjeld også for dei som ønskjer å endre søknaden på www.vigo.no.
Grunnen til denne utsetjinga er at inntaksforskrifta seier at søknadsfristen skal utsetjast til næraste kvardag dersom fristen fell på ein laurdag eller sundag. Sjølv om denne formuleringa vart skriven i dei tider ein ikkje søkte på internett, finn inntaksleiaren det rett å følgje forskrifta sjølv om dei aller fleste no søkjer elektronisk.
Ved innsending av papirsøknad må søknaden vere poststempla seinast 3. mars.