Næringslivskroner til nytt Rådalskryss

– Eg er svært oppmuntra over at næringslivet melder seg på spleiselaget for å få på plass nødvendige midlar til å starte arbeidet med Rådalskrysset og E39 Bergen-Os, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Ho kallar inn til eit breitt samansett møte

Sterk interesse
Fylkesordføraren har merka seg den sterke interessa hos næringslivet på Kokstad/Sandsli for å få realisert det nye Rådalskrysset som ein del av den nye stamvegen til Os. Med denne kryssløysinga vil trafikken til/få Flesland og Kokstad/Sandsli kunne gå utanom det trafikkbelasta området ved Lagunen.
– Med den usikre finansieringa dette prosjektet har i dag, er vi svært oppmuntra over at næringslivet melder seg på spleiselaget for å få på plass nødvendige midlar til å starte opp arbeidet med Rådalskrysset og stamvegen til Os, seier fylkesordføraren.

Friske midlar
Fylkesordføraren har, saman med Bergen og Os kommunar, difor invitert representantane for næringslivet på Kokstad/Sandsli til eit møte tysdag 26. februar for å drøfte på kva måte og i kor stor grad det er aktuelt for bedriftene å legge inn friske midlar i prosjektet.
– Det er dessutan svært viktig for oss å ha bedriftene i eitt av Noregs viktigaste næringsområde og Noregs nest største flyplass med oss når vi no skal innta regjeringskvartalet og Stortinget for å få på plass nødvendige stamvegmidlar, understrekar ein kampklar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Høgt prioritert prosjekt
Fylkesordføraren seier at E39 Rådal-Svegatjørn med Rådalskrysset er eit høgt prioritert prosjekt på E39 Kyststamvegen mellom Bergen og Sunnhordland/Stavanger.
Deltakarar på møtet blir sentrale politikarar i Hordaland fylkeskommune, Bergen og Os kommunar, LO, NHO, Bergen Næringsråd, Avinor, StatoilHydro, BKK og Hansa-Borg.

Bjarte Brask Eriksen 14.02.2008 09:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart