Mellombels utbetring ved Bergen katedralskole

Det gamle hovudbygget ved Bergen katedralskole skal som ei mellombels løysing – for ein femårsperiode – rustast opp for 6 mill. kr. Fylkesutvalet i Hordaland har løyvd 3 mill. kr til opprustinga i 2008. Ytterlegare 3 mill. kr vil verta løyvd i 2009.

Etter at det i 2007 vart oppdaga store soppskadar i den gamle hovudbygningen, er det sett opp brakkeriggar som ei mellombels løysing. Løyvet for dei gjeld til og mede 2009.

Skader
Tilstandsrapporten for hovudbygningen er klar og det er påvist omfattande skader på fundament og berekonstruksjonar. Det tekniske anlegget er også dårleg og forelda.

Utgreiingar
Det gamle hovudbygget ved Bergen katedralskole er 150 år gamalt  og fyller ikkje krava til eit moderne skulebygg. Den permanente løysinga for det gamle hovudbygget er anten ei total rehabilitering eller eit nybygg på tomten. Begge alternativa krev omfattande utgreiingar, heiter det i saksutgreiinga.

Inntil fem år
Det skal no gjennomførast ei mellombels løysing der ein kan ta bygget i bruk att for ein periode på inntil 5 år, seinast til 2014. Innan då må ein ha utgreidd kva for ei permanent løysing ein skal velja for det gamle hovudbygget ved Bergen katedralskole.

Historisk fasade
Følgjande forslag frå Petter K. Tvedt (Frp) vart oversendt fylkesrådmannen utan realitetsrøysting: «Fylkesutvalet viser til at det skal leggjast fram eiga sak om nybygg/rehabilitering. Fylkesutvalet ber om der i utgreiinga av permanent løysing for Bergen katedralskole vert lagt opp til at den historiske fasaden vert teken vare på, uavhengig av om ein vel nybygg eller rehabilitering.»

Stanley Hauge 15.02.2008 15:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart