Mangfaldsåret feira på Årstad

Tanzania stod i fokus då Årstad videregående skole markerte mangfaldsåret. For ein stappande full sal presenterte Abuu (17) landet han reiste frå som niåring, i tillegg til mat, dans, trommer og musikk.

Ramin frå Liberia (t.v.) og Ansumana frå Sierra Leone dansar til trommemusikk.
Ramin frå Liberia (t.v.) og Ansumana frå Sierra Leone dansar til trommemusikk. (foto Bjarte Brask Eriksen)

Barndom i storbyen
– Eg hugsar mykje frå barndomen i Tanzania, som storbyen Dar el Salam eg vaks opp i. Det eg hugsar best er maten og alle dyra, og at det budde mykje folk i  byen, fortell Abuu.

Over 100 elevar frå andre land
Arrangementet var i regi av biblioteket og studieverkstaden, og bibliotekar Eldrid Sørnes fortel at dei har meir enn 100 elevar frå andre land. Tidlegare har dei hatt arrangement der Sierra Leone stod på programmet, men no var turen komen til Tanzania.
I studieverkstaden stod Abuu og andre elevar frå Afrika klare, men elevar og lærarar strøymde på. Alt av sitjeplassar og ståplassar var i bruk då Abuu fortalde og viste bilete frå Tanzania.
– Landet var kolonimakt under Tyskland til 1. verdskrig og deretter under Storbritannia. 9. desember 1961 vart landet fritt. Tal innbyggarar er 40 millionar, vi har 26 regionar, det høgste fjellet i Afrika, Kilimanjaro, og den største innsjøen, Victoriasjøen, fortalde Abuu.

Trommer, dans og mat
Deretter tok han fram trommene og saman med andre elevar frå Afrika framførte dei dans til trommene. Mor til Abuu, Rasha Bakke, og tanta hans, Mona Mataka, hadde laga tradisjonell mat frå Tanzania som vart servert til dei mange framøtte.

Abuu (midten) fortalde om heimlandet Tanzania, mens mora Rasha Bakke (t.h.) og tanta Mona Mataka laga og serverte tradisjonell mat frå heimlandet.
Abuu (midten) fortalde om heimlandet Tanzania, mens mora Rasha Bakke (t.h.) og tanta Mona Mataka laga og serverte tradisjonell mat frå heimlandet.

Bjarte Brask Eriksen 14.02.2008 15:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart