Fylkesutvalet positive til skipsverft i Hansvågen

Fylkesutvalet ser positivt på søknaden om etablering av skipsverft i Hansvågen og går inn for vegalternativ A. For å unngå konflikt med automatisk freda kulturminne er det tilrådd justering av plangrensa. Det er også tilrådd endring av rekkjefølgjekravet

Kvam herad har sendt forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing for industriområde for Hansvågen, Nærnes på Neshalvøya i Kvam. Det regulerte industriarealet er på 79,5 da, som hovudsakleg vil bli sprengt ut og planert. Det er planlagt to verftshallar og brakkerigg på området. Tiltaket omfattar utfylling i sjøen og ny tilkomstveg frå Rv. 49. Av opphavleg åtte lokaliseringsalternativ var Hansvågen utpeikt alt i planprogrammet som einaste alternativ og det er berre dette alternativet som er konsekvensutgreidd. 

Ikkje motsegn
Tiltaket er i konsekvensutgreiinga vurdert til å ha stor negativ konsekvens for kulturlandskap og naturmiljø, men med stor positiv konsekvens for lokal/regional utvikling. Fem alternativ for tilkomstveg er konsekvensutgreidd,  to (A og B) er lagt fram som alternative forslag i reguleringsplanen. Heradet har tilrådd alternativ A som beste løysing. Grunna konflikt med kulturmiljøet hadde fylkesrådmannen føreslått motsegn til vegalternativ A. Fylkesutvalet avviste med 11 (H, Frp, KrF, Ap) mot 3 (SV, V, Sp) røyster å fremja motsegn.

Vedtaket
Handsaminga av saka i fylkesutvalet gav følgjande vedtak etter punktvis avrøysting:

1. Fylkesutvalet ser positivt på søknaden om etablering av skipsverft i Hansvågen. (Vedteke mot SV si røyst.)
2. Fylkesutvalet vil gå inn for vegalternativ A. (Vedteke mot røystene til SV, SP og V)
3. Fylkesutvalet vil på bakgrunn av at reguleringa medfører vesentlege varige inngrep be om at følgjande vert vektlagt i reguleringsføresegnene:
a) Det vert stilt rekkjefølgjekrav slik at vegen må byggjast før verftsområdet vert ferdig planert.
b) Industriområdet vert øyremerka føremålet skipsverft i ein kort tidsperiode, og seinare opna for anna verksemd som i større grad kan tilpassast omgjevnadene og anna verksemd på Neshalvøya.
c) Det vert stilt krav om at utbygginga på verftsområdet må leggja fram illustrasjonsplanar med avbøtande tiltak på kort og lang sikt som del av byggjesaka.
4. Av omsyn til automatisk freda kulturminne nær planområdet ber fylkesutvalet om endring av plangrensa:
a) Grense for spesialområde, andre område for anlegg i sjø, vert trekt om lag 50 m sørover slik at ikkje regulert sjøareal grensar mot uregulert område, som vist på kart.
b) Grense for spesialområde, andre område for anlegg i sjø, vert trekt litt lengre mot nordvest på verftsområdet, som vist på kart.

Punkta 3 og 4 vart samrøystes vedtekne.

Forslag som fall
SV fremja motsegnsframlegg som fall mot SV si røyst.

Senterpartiet sette fram forslag som mellom anna omfatta at det skulle fremjast motsegn mot vegalternativ A. Forslaget fekk tre røyster (Sp, V og SV) og fall.

Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalet

Simon Sortland og Stanley Hauge 14.02.2008 17:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart