Fylkeskommunane skal få tilført ein del nye oppgåver, men kommunal- og regionalministeren ser det ikkje som aktuelt å føreslå endra fylkesgrenser. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa ser fram til eventuelle frivillige samanslåingar.
Dette går fram av høyringsnotatet som Kommunal- og regionalministeren la fram i dag, 26. februar 2006. Notatet går no på høyring og fylkeskommunane har frist til 30. april med å gje fråsegn. I Hordaland vil saka verta handsama på fylkestinget 24. april.
I Stortinget til hausten
Departementet tek sikte på å leggja fram ein samla proposisjon til Stortinget om oppgåver og eventuelle grenseendringar hausten 2008. Reforma skal etter planen setjast i verk frå 2010.
Nye oppgåver
Statsråd Kleppa viser til at det mellom anna vert overført store oppgåver innan samferdsel når fylkeskommunane frå 2010 vert ansvarlege for riksvegane utanom stamvegane. Dette inkluderer også ferjesambanda på desse vegane.
Andre viktige oppgåver for ei meir samordna regional utvikling er oppretting av regionale forskingsfond og ei regionalisering av eigarskapen til Innovasjon Noreg.
«Mageplask»
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg karakteriserer regjeringa sitt forslag som «eit mageplask».
Lenkjer til medieoppslag
Bergens Tidende
Kallar reforma eit mageplask
Fylkene får ansvar for veiene
Stavanger Aftenblad: – Døds-dom over fylkene!
Lenkjer til pressmeldingar og dokument
Pressemelding frå statsråd Magnhild Meltveit Kleppa
Høyringsbrev 26.2.2008
Høyringsnotat (pdf-fil)