Fengslande opning på avdeling Fossane

- Aktivitet er rota til alt godt og her skal det bli grobotn for vekst. Store visjonar og gode ord akkompagnert av heftig musikk frå ”Kjell and The Kjeltrings” vart ramma rundt opninga av Åsane videregående skole si nye avdeling på Fossane torsdag 28. feb


Fengselsdirektør Siri Pettersen ved Bergen Fengsel takka avtroppande rektor Egil Hovda og Åsane videregående skole for innsatsen og engasjementet for å gje eit undervisningstilbod til dei innsatte. - De skapar aktivitet, og aktivitet er rota til alt godt, sa Pettersen.

Avtroppande rektor Egil Hovda er stornøgd med dei nye og trivelege lokala avd. Fossane har fått i Litelåsvegen. Åsane videregående skole har ansvar for oppfølging av fengselsinnsatte som kjem ut frå soning eller har fått frigang. Hovda understreka kor viktig det er å ha gode rutinar for å følgja opp desse elevane.

Grobotn for vekst
- Me har hatt eit sterkt politisk og administrativt press på oss for å skapa resultat, samstundes som me har tvihalde på vårt individretta system. Å spesielt prioritera unge og vaksne med rett, samt kvinner og framandspråklege betyr at nokon må prioriterast vekk, som naturleg nok skapar misnøye.

For oss er det avgjerande å gje våre elevar kompetanseheving både fagleg og sosialt. No har me fått flotte lokaler der elevane kjem til noko ope som vil gje grobotn for vekst, sa Hovda i sin velkomsttale.

Konstituert rektor Leif Harald Kvaale (t.v) hadde mange godord til sin mangeårige sjef Egil Hovda på hans nest siste dag før pensjonisttilveret.

Han takka dei tilsette og samarbeidspartnarar, særskild innan Fengselsvesenet, for den kompetansen og viljen til å gjere noko som dei har. Hovda fekk sjølv mykje takk og ros for sin store engasjement, innsats og evne til å få gjennomført endringar og forbetringar gjennom sine nær 20 år som rektor for ÅSV og tilbodet innan fengselsundervisning.

Fem grunnpilarar
Koordinator for fengselsundervisninga ved ÅSV, Alfhild Tharaldsen, og rådgjevar/spesialpedagog Bjørn Olsen orienterte om filosofien, dagleglivet og tilbodet i dei ominnreia industrilokala.

- Dette er ein mellombels stasjon før elevane skal vidare til utplassering i bedrifter eller vidare skulegang, og her har me skapt aktivitet i løpet av få månader slik at Fossane allereie er eit omgrep blant innsatte, fortalde Taraldsen.

- Våre fem søyler i tilbodet er individretta undervisning, korte og kompetansegjevande kurs, livsmeistringskurs, yrkesrettleiing og rettleiingssamtalar. Sidan nyttår har vi hatt om lag 40 elevar, og det er mange på kort tid, opplyste Olsen.

- Kjempebra tilbod
- Lærarane og tilsette er hyggelege og profesjonelle, og til sommaren vil eg ha tileigna meg generell studiekompetanse, fortalde ein av brukarane. Ei anna synest dette er eit kjempebra tilbod.

Leiar Roald Stenseide (t.v) i opplærings- og helseutvalet, fagopplæringsdirektør Ole G. Fredheim og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune var blant gjestene undeer nyopninga.

- Hordaland fylkeskommune er oppteken av å gje alle våre elevar og lærlingar eit best mogleg undervisningstilbod, også innanfor kriminalomsorga under og etter soning, helsa leiar Roald Stenseide i opplærings- og helseutvalet. Han rosa Hovda for eit fantastisk arbeid.

Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde hos Fylkesmannen påpeika at ÅSV er ein viktig aktør for denne målgruppa, og har evna å gi dei ei normalisert og inkluderande opplæring. – Haldningar og optimisme er vel så viktig som den reint faglege kunnskapen og kompetansen, understreka Lunde.

Musikk i fengsel og fridom
Helsingar frå Skien og Trondheim rosa dei fantastiske lokala, fleksibiliteten, kvaliteten og oppfølginga ÅSV avd. Fossane står for. Ei særstilling i verda innan fengselsundervisninga, konkluderte representanten frå Universitetet i Bergen.

Musikkpedagog Lasse Tuastad hadde med seg eit band frå prosjektet ”Musikk i fengsel og fridom” som stod for dei musikalske innslaga som bandt heile arrangementet i hop.

Saman med lysbildeframsyninga av dei kunstneriske talenta blant dei innsatte vart dette ei kulturoppleving av dei gode.

- Me har ikkje fått så mykje applaus for det me har gjort tidlegare, opplyste gitaristen i bandet og fekk endå meir applaus og latter i retur.

Mange talentfulle uttrykk vart synt fram i arbeid av innsatte.

Han kunne opplyse at ingen deltakarar i dette prosjektet hadde fått tilbakefall til kriminalitet, men tok atterhald om langdryg etterforsking. Dei avrunda seansen med den talande Bob Dylan-låten ”I shall be released”.

 

Tekst og foto: Simon Sortland 29.02.2008 14:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart