
Dei to vinnarane Liv Sofie Hallaråker Utvær, Fyllingsdalen videregående skole og Ingrid A. Eidsvaag, Bergen katedralskole med dei to forskarane i Norges geologiske undersøkelse, Eiliv Larsen og Astrid Lyså. Rektor Per Morten Nordbotn overrekte blomster og rektor Hans Peder Vibe overrekte bøker. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)
10 dagar i Russland
Liv Sofie Hallaråker Utvær, Fyllingsdalen videregående skole og Ingrid A. Eidsvaag, Bergen katedralskole imponerte juryen med ein svært grundig rapport om klimaendringane. Premien er ein tur over 10 dagar til Russland i juni med forskarar frå NGU. Mellom anna skal dei til St. Petersburg og nordover til område med permafrost.
Genialt funne på
Konkurransen var i regi av det internasjonale polaråret og oppgåva gjekk ut på korleis klimaet har endra seg frå i dag i forhold til tidligare tider. Den 17 sider lange rapporten til dei to elevane heiter ”En varmegrad fra eller til…. En oppgave om klimaendringer før og nå”.
– Då vi las tittelen vart vi spesielt interesserte. Den var genialt funne på. Ein slik tittel hadde vi ikkje funne på sjølv. Og då vi las oppgåva, vart vi meir og meir fenga. Dei har sett seg godt inn i emnet og gjort eiga forsking gjennom intervju med 113 personar. Dei har gjort meir enn kva vi hadde venta oss. Dette var ein klar vinnar, seier forskar Eiliv Larsen i NGU og medlem av juryen.
Skeptikarane er og med
Dei to vinnarane fortel at dei har gjort alt arbeidet med oppgåva på fritida.
– Vi har sett på klima i tidlegare tider og i dag. Vi fann mykje på nettet, men i tillegg har vi vore på Naturhistorisk museum, førelesingar på Universitetet og på Bjerknessenteret. Vi har også snakka med Øystein Jansen ved Bjerknessenteret. Vi fekk mellom anna tilgang til grafiske bilete som ikkje er tilgjengelege på internett. Det trur vi heva oppgåva vår. Vi har og skeptikarane med i oppgåva, seier Liv Sofie og Ingrid.
Lær russisk-kurs
I alt vart det levert inn 30 ulike bidrag til konkurransen, både som film, plakat og tekst og bilete.
– Vi hadde skrive 17 sider og like før vi skulle levere inn, oppdaga vi at det berre skulle vere fire sider. Då var det ikkje tid til å korte ned, så vi leverte oppgåva. No gler vi oss til å reise til Russland i juni. Vi håpar vi får fri frå skulen. Først skal vi til St. Petersburg og deretter nordover til område med permafrost, seier dei to jentene og Liv Sofie legg til at mora alt har kjøpt ”Lær russisk-kurs”.
Premie
Det var premieutdeling både på Fyllingsdalen videregående skole og Bergen katedralskole i nærvær av elevar, lærarar og rektorar. Vinnarane fekk blomster frå rektor Per Morten Nordbotn ved Fyllingsdalen videregående skole og bøker frå rektor Hans Peder Vibe ved Bergen katedralskole. Etter overrekkinga fekk alle elevar i 1. klasse på studiespesialiserande fag og dramafag ved Fyllingsdalen videregående skole ein time med foredrag om istida og klimaendringane. Alle elevane i 1. klasse ved Bergen katedralskole fekk det same føredraget etterpå.