Vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes. Harald Hove (V) røysta primært for eit eige forslag om at den nye skulen skal heita Tanks videregående skole, eit forslaget som berre fekk hans røyst.
Å plassera ein ny kunnskaps- og kompetansebase i sentrum av Bergen by sender sterke signal om at den aktuelle verksemda er viktig for byen og fylkeskommunen. Den nye skulen på Nygårdstangen skal bli eit kraftsentrum i Hordaland og treng eit namn som gjev bod om ein ny skule i eit nytt signalbygg i vestlandshovudstaden, heiter det i saksutgreiinga.
Hordaland fylkeskommune ønskjer no å gje nokre av skular namn etter landskjende personar som alternativ til dei tradisjonelle geografisk relaterte namna.
Ved at den nye skulen på Nygårdstangen i Bergen vert døypt Amalie Skram videregående skole, ser ein for seg ei rad føremoner. I saksutgreiinga heiter det at skulen kan :
- gje både fylkeskommunen, Bergen by og skulen sjølv eit identitetsmerke som har attkjenningsverdi langt utanfor Hordaland sine grenser – også internasjonalt
- vera med å tydeleggjera og stadfesta Bergen by sitt omdømme som kultur- og utdanningsby
- nytta Amalie Skram si livshistorie og litteraturen hennar på ei lang rekkje måtar når det gjeld å byggja skulen sin eigen identitet og sjølvforståing
- vera ein tydeleg samarbeidspartnar for andre skular, høgskular, universitet, organisasjonar når det gjeld Amalie-Skram-relaterte tema eller tilgrensande område
- vera med å sikra at Amalie Skram sitt livsverk ikkje skal gå i gløymeboka for komande generasjonar