Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland slår tilbake på kritikken frå Vegdirektoratet om at bompengeselskapa i fylket har for høge driftskostnadar.
Ikkje interessert
Vegdirektoratet er ikkje interessert i gjere det lettare for fylkeskommunen å få ned driftskostnadane for bompengeselskapa.
Har ikkje fått svar
Hordaland fylkeskommunen søkte i 2005 Vegdirektoratet om å få etablere eit felles administrasjonsselskap for bompengeselskapa i fylket. Vegdirektoratet har ikkje ein gong tatt seg tid til å svare på søknaden om å etablere eit selskap som skal ta hand om administrasjonen av dei ulike bompengeselskapa i fylket.
Meir kostnadseffektiv administrasjon
- Eit felles administrasjonsselskap vil legge til rette for ei meir kostnadseffektiv organisering og administrasjon av bompengeselskapa enn dagens ordninga med mange mindre bompengeselskap. Med eit felles selskap vil ein kunne oppnå stordriftsfordelar både når det gjeld administrasjon og økonomiforvaltning. Eg vil no ta eit initiativ ovanfor Terje Moe Gustavsen som er ny vegdirektør og håpar at han kan sjå på søknaden om eit felles administrasjonsselskap på nytt, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Størst i landet
Hordaland er det største bompengefylket i landet der heile 79 prosent av investeringane i samferdselssektoren kjem frå bompengar.
”Betaler mest i vest”. Artikkel i Bergens Tidende onsdag 13. februar 2008
Rapport om samordna organisasjon og administrasjon av bompengeselskap i Hordaland (pdf-fil)