Gisle Handeland, Arbeiderpartiet, fekk eit samrøystes Vestlandsråd med seg på ei fråsegn om handtering av vraket av U-864 og kvikksølvlasta. Vestlandsrådet tilrår heving av ubåtvraket ved Fedje i Hordaland.
Gisle Handeland, (t.h) fekk eit samrøystes Vestlandsråd med seg på ei fråsegn om handtering av vraket av U-864 og kvikksølvlasta.
Kvikksølv er av dei aller farlegaste miljøgiftene og utgjer ein stor trussel for menneske og miljø. Derfor er vraket av U-864, med ei kvikksølvlast på 60-70 tonn på havbotnen utanfor Fedje, ei miljøutfordring som må handterast på ein måte som gjev tryggleik i dag og i all framtid.
Omdøme
Noregs omdøme som miljønasjon og fiskerinasjon avheng av at u-båtvraket vert handtert slik at vi unngår ureining og store skadar på miljø og fiskeriressurser.
Skapa tryggleik
Det er ein føresetnad at løysinga som vert valt har brei tillit og skaper tryggleik for at alt som kan gjerast for å fjerna miljørisikoen, vert gjort. Uroa hos lokalbefolkninga må takast på alvor, slik det vart gjort då det nyleg vart avgjort at vraket av Murmansk skal fjernast.
Både hevingsalternativet og tildekkingsalternativet inneber tildekking av 30 mål med ureina havbotn.
Heving best miljømessig
Vestlandsrådet meiner at hevingsalternativet vil vvera den rette miljømessige løysinga for framtida og komande generasjonar. Vestlandsrådet konstaterer at hevingsoperasjonen vil kunne gjennomførast innannfor ein akseptabel risiko og går derfor inn for ei slik løysning.
Pressemelding frå møtet i Vestlandsrådet 3. desember 2008 (pdf-fil)