
Då kunstutstillinga vart opna i lokala til Skyss i Bergen deltok mellom anna: Målfrid Vik Sønstabø (Skyss), Inger Øvsthus Tønder (Opplæringsavdelinga), Marita Klaussen (Tertnes vgs, har laga kunstverket i bakgrunnen), Karoline Helleland (Tertnes vgs), rektor Grete Berg Kirkeeide (Tertnes vgs), Christine Halrynjo (Tertnes vgs), lærar Steinar Lilletvedt (Tertnes vgs) og Martin Nordeide (Tertnes vgs). (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Måleri og skulptur
Skyss er eigd av Hordaland fylkskommune og har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Elevar, lærar, rektor og tilsette ved Opplæringsavdelinga, Samferdselsavdelinga og Skyss deltok på markeringa i lokala i Vestre Strømkai i Bergen. Kvar elev har laga eit måleri og ein skulptur, alle med same tittel ”å reise”.

– Dette er blitt ei spesiell skuleoppgåve. Elevane har vore tent på å gjere dette, seier lærar Steinar Lilletvedt.
Karoline Helleland har laga ein skulptur i tre som viser reise gjennom bevegelse.
Forflytte seg
– Det handlar om å forflytte seg i landskapet. Reise er overbygginga, sa lærar Steinar Lilletvedt.
Elevane har arbeidd med kunstprosjektet 10 timar i veka i heile haust. Først skulle dei finne tekstar som handlar om å reise. Deretter skulle dei måle eit bilete, anten nonfigurativt eller abstrakt og lage ein skulptur som skulle vise spor i naturen i bevegelse. Lilletvedt skryt av elevane sine og er svært nøgd med resultatet. Og alle som vitjar lokala til Skyss kan nyte det flotte resultatet.

Ei spesiell oppgåve
– Skyss hadde ønskje for kva dei ville ha. Det var ikkje umogeleg for oss, og vi kom med forslag til korleis vi skulle løyse oppgåva. Skyss syntest det høyrtest greitt ut. Dette er blitt ei spesiell skuleoppgåve, ei verkeleg oppgåve. Elevane har vore tent på å gjere dette, seier Lilletvedt.
Måleriet til Lisa Dale er nonfigurativt laga til diktet av Olav H. Hauge: ”Ingen har varda den vegen du skal gå ut i det ukjende, ut i det blå. Dette er din veg. Berre du skal gå han. Og det er uråd å snu. Og ikkje vardar du vegen du hell. Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell”.
Overrasking
– Å gjere denne oppgåva har vore svært innsiktsfylt og har gjeve meir meining til livet. Å få lov til å utsmykke lokala til Skyss, kom som ei positiv overrasking, seier Martin Nordeide, som laga skulpturen ein tiger i sprang og brukte eit sitat frå Herodes Falsk til biletet: ”Det er på tide å reise hjem når du må holde hodet oppe med begge hendene”.

Christine Halrynjo har målt abstrakte menneske inspirert av diktet til Olav H. Hauge:
”Eg er ein båt utan vind, du var vinden. Var det den leidi eg skulde, kven spør etter leidi
når ein har slik vind”.
Abstrakte menneske
– Det er kjekt å få halde på med noko du har lyst til, seier Christine Halrynjo som laga eit bilete av abstrakte menneske til teksten av Olav H. Hauge: ”Eg er ein båt utan vind, du var vinden. Var det den leidi eg skulde. Kven spør etter leidi når ein har slik vind”.
Studietur til Italia
Dei fire andre elevane på studiespesialisering med kunstfag som har smykka ut lokala til Skyss er Vegard Ellingsen, Karoline Helleland, Marita Klaussen og Lisa Dale.
For jobben får dei seks elevane honorar som skal nyttast til studietur til Tolfa, like nord for Roma til våren, der kunststudentar frå Bergen har tradisjon for å bu i ei veke i eit kloster og lære meir om kunst.

Det abstrakte måleriet til Martin Nordeide er inspirert av ein tekst av Herodes Falsk:
”Det er på tide å reise hjem når du må holde hodet oppe med begge hendene”.

Karoline Helleland sitt måleri er inspirert av teksten til Marcel Proust: ”Den sanne
oppdagelsen består ikke i å finne nye landskap, men å se med nye øyne”.

Det nonfigurative måleriet til Vegard Ellingsen er inspirert av det
danske uttrykket: ”Det forsinker ikke å ta en hvil”. Skulpturen
i handa er inspirert av bølgjer.

Marita Klaussen var inspirert av det norske ordtaket: ”En kan reise hvor en vil,
men aldri fra seg selv”, då ho målte dette biletet.


Marita Klaussen har skulpturert ein drope som fell ned i vatn. Martin Nordeide har skapt ein tiger i sprang.

Christine Halrynjo i ferd med å sluttføre treskulpturen.