Kostnadsramma for ny Osterøy vidaregåande skule inkludert tannklinikk vert på 123 mill. kr. Fylkestinget godkjende samrøystes forprosjektet med denne kostnaden.
Nybygget har eit samla bruttoareal på 4610 m2 som fordelar seg med 4390 m2 på skuledel inkl. KAM-senter og 220 m2 på tannklinikken. Etter innhenting av tilbod er kostnadsramma redusert til 123 mill kroner. Kostnaden fordeler seg med 117 mill. kr på skuledel og lokale for Kompetansesenteret for avansert maskinering (KAM-senteret) og 6 mill. kr på tannklinikken. Dette er for skulen sin del 14 mill. kr lågare enn det som er sett av i økonomiplanen for 2009-2012.
Osterøy kommune har vedteke å stilla med tomt vederlagsfritt til skuleutbygginga for Osterøy vidaregåande skule. Tomta ligg på Hatland, sentralt plassert i forhold til ungdomsskulen, idrettsanlegg og kommunesenteret. Skulen skal ha 12 klassar med i alt 214 elevar.
Den nye tannklinikken som skal etablerast i Lonevåg, skal verta ein del av nybygget. Denne klinikken skal erstatta tannklinikkane i Fotlandsvåg og Haus. Byggjearbeida skal etter planen starta tidleg i 2009 og skulen skal stå klar til skulestart hausten 2010.
Stord får forskottera Jensanesvegen
Hordaland fylkesting godkjende samrøystes at Stord kommune får løyve til å forskottera 15 mill. kr til utbetring og trafikksikring av delprosjet 1 av Jensanesvegen.
Refusjonstidspunktet for forskotteringa vert fastsett i samband med rulleringa av fylkesvegplanen for 2010-2019. Forskotteringa vert tilbakebetalt utan kompensasjon for renter eller prisvekst. Stord kommune søkte om løyve til å forskottera 15 mill. kr til utbetring og trafikksikring av delprosjekt 1 av Jensanesvegen. Full utbetring av Jensanesvegen vart i 2007 grovt kostnadsrekna til 34 mill. kr. Delprosjekt 1 utgjer ca. 500 meter, mens delprosjekt 2 utgjer ca. 750 meter av Jensanesvegen.
Vidare finansiering av delprosjekt 2 vil bli vurdert i samband med utarbeidinga av handlingsprogrammet for fylkesvegnettet for perioden 2010-2013 når det skal handsamast på fylkestinget i desember 2009.
Kvammapakken godkjend
Hordaland fylkesting godkjende den reviderte Kvammapakken, bompengesøknaden om vegutbygging i Kvam. Hordaland fylkeskommune vil gje sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 370 mill. kr som Kvam bompengeselskap AS tek opp til delvis finansiering av Kvammapakken. Garantien gjeld i inntil 19 år. Fylkeskommunen kan krevja pant i retten til å krevja inn bompengar.
Fylkeskommunen skal teikna aksjar for kr 160 000 i Kvam bompengeselskap AS og skal ha fleirtal i styret i selskapet. Dei nye føresetnadene og endringane i bompengesøknaden for Kvammapakken kan oppsummerast på følgjande måte:
Samla kostnadsauke på investeringsprosjekta frå 256 mill.kr til 423 mill.kr. om lag 50% kostnadsauke.
Denne kostnadsauken vert dekt inn på følgjande måte:
Ramma for statlege midlar vert auka med 18 mill.kr i høve til opprinneleg bompengesøknad, der den statlege ramma var sett til 25 mill.kr. Oppretthalding av statlege andel på 10% slik at samla statleg ramme no er 43 mill.kr.
I opprinneleg bompengesøknad var det lagt opp til parallell og etterskotsinnkreving i ein periode på 15 år. I det reviderte bompengeopplegget er det no lagt opp til parallellinnkreving i 4 år frå og med 2010 og 15 år etterskotsinnkreving frå og med 2014. Den samla bompengeperioden har dermed auka frå 15 år til 19 år.
Bompengetakstane vert haldne på same nivå som i opprinneleg søknad.
Vedtaket vart gjort med 37 mot 20 (Frp, SV, R) røyster.
Overtek og rustar opp Busstasjonen i Bergen
Hordaland fylkeskommune skal overta den delen av terminalområdet ved Bystasjonen i Bergen som i dag utgjer busstasjonen, vedtok Fylkestinget. Samstundes vert det løyvd midlar for detaljprosjektering av opprustingsarbeid som skal gjennomførast så snart som råd er.
Fylkeskommunen skal kjøpa eit selskap utskild frå A/S Nygårdstangen for 15 mill. kr for å få hand om terminalområdet. Området ligg på festa grunn og det vert i den samanheng inngått festeavtale med Bergen kommune. Dei første tre åra skal fylkeskommunen betala 1,7 mill. kr i festeavgift. Deretter skal det ikkje betalast festeavgift.
Dersom det vert slutt på å bruka området til kollektivtrafikk, tilfell anlegget Bergen kommune vederlagsfritt. Det vert lagt opp å nytta 6 mill. kr til planarbeidet for å rusta opp busstasjonen. 5 mill. kr av denne summen er alt løyvd. Det utskilde selskapet som fylkeskommunen overtek frå A/S Nygårdstangen vert vidareført under namnet Bystasjonen A/S.
Vedtaket vart gjort mot to røyster - Raudt.
Kjøper tomt til bussanlegg på Askøy
Hordaland fylkeskommune skal kjøpa ei tomt på om lag 30 mål ved Skarholmen sør på Askøy til bruk for bussanlegg. Kjøpesum og kjøpskostnader vert på ca. 17 mill. kr. Fylkestinget godkjende kjøpet mot to røyster - Raudt.
Tomta på Askøy vert kjøpt til bussanlegg som skal etablerast i samband med at rutepakke Askøy vert lyst ut på anbod.
Utarbeider tannhelseplan 2010-13
Hordaland fylkeskommune skal i løpet av 2009 utarbeida og vedta tannhelseplan for 2010-13. Den nye planen skal avløysa Plan for tannhelsetenester i Hordaland 2004-07 som er forlenga med to år, ut 2009.
Fylkestinget oppnemnde Guro Fosse Haraldsen (AP) som saksordførar. Til å utarbeida planen skal det opprettast eit planutval med desse medlemene: Saksordførar, fylkestannlegen, to representantar for tannhelseavdelinga ein representant for dei tilsette sine organisasjonar. Ferdig planutkast som skal sendast på høyring skal vera ferdig til tidleg i august 2009.
Andre saker:
Sak 64/08 Kollektivmeldinga 2008
Fleirtalet (H, FrP, KrF) vedtok følgjande: 1. Fylkestinget tek Kollektivmeldinga 2008 til orientering. 2. Kollektivmeldinga bør i framtida i større grad også omfatta distrikta og deira utfordringar, og omhandla tiltak som mellom anna gjeld snøggbåtruter, togtilbod og park/ride.
Mette Holmefjord Olsen sette fram slikt forslag på vegner av SV, A, Sp og V: ”1. Kollektivmeldinga 2008 gjev ein god oversikt over dei utfordringane som er for kollektivtrafikken i Bergen. 2. Fylkestinget meiner det no er på tide med å innføra dei tiltaka som ein veit kan fungera.
Til dømes: Innføring av køprising. Samanhengande kollektivtraséar nord, sør og vest i Bergen. Samanhengande gang- og sykkelfelt gjennom Bergen. Takstfrys. Park & Ride -anlegg ved alle knutepunkt i Bergensregionen kopla med kollektivtilbod i rute. Vidareføring av bybanetraseen sør-, nord- og vestover. 3. Kollektivmeldinga bør i framtida i større grad også omfatta distrikta og deira utfordringar, og omhandla tiltak som mellom anna gjeld snøggbåtruter, togtilbod og park/ride løysingar.
Sak 66/08 Eigarskapsmeldinga – samrøystes vedteke
Sak 69/08 Plan for tilpassa opplæring og spesialundervisning 2008-2012 – samrøystes vedteke
Sak 72/08 Styret for Kunstmuseene i Bergen – val av medlem
Fylkestinget oppnemnde Mette Nora Sætre som medlem i styret for Kunstmuseene i Bergen for resten av valperioden 2007-2011.
Sak 73/08 Voss og Omland bompengeselskap AS – val til styret
Fylkestinget oppnemnde følgjande medlemer til styret for Voss og Omland bompengeselskap AS. Medlemer: 1. Torill Eidsheim (leiar). 2. Leif Ribe Hjeltnes. 3. Bente Bondhus. Varamedlemer: 1. Ragnar Tyssebotn. 2. Aslaug Hellesøy 3. Jette Lunemann Hansen