Opprettar TAF-linjer på Stord og i Kvinnherad

Hordaland fylkesutval har vedteke å oppretta teknisk-allmennfag ved Kvinnherad og Stord vidaregåande skular. Ved begge skulane vert det oppretta to VG1-klassar.

Både ved Kvinnherad og Stord vidaregåande skular vert det TAF-klassar innan elektro og teknikk og industriell produksjon.

Fylkesutvalet vedtok å oppretta VG1 anleggsgartnar ved  Stend vidaregåande skule i tillegg til klassen som er ved Hjeltnes gartnarskule. Ved for låg søknad til oppretting av klassar (VG1 anleggsgartnar ) ved begge skulane skal klassen leggjast til Hjeltnes gartnarskule.

Tilbod i «Treteknikk og design trearbeid» vert oppretta som eit «kombitilbod» ved Arna yrkesskule for skuleåret 2009/2010.

Fylkesutvalet vedtok andre justeringar i klassetilbodet for skuleåret 2009-10 som vil gje ein auke på 296 elevplassar. 545 elevplassar vart lagde ned og 249 nye vart oppretta.

Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalet 4. desember 2008 (pdf-fil)

Stanley Hauge 04.12.2008 16:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart