Hordaland klar for krisesamarbeid med regjeringa

- Hordaland er klar, vi ber regjeringa gjere det mogleg for oss å hjelpe til å motvirke krisa. Dette seier Hordaland fylkesting i ein samrøystes uttale der dei ber regjeringa setje i verk tiltak som vil halda aktiviteten og sysselsetjinga oppe i vår regio

- Vi i Hordaland fylkeskommune vil med investeringane våre, særleg i vidaregåande skular, bidra mykje til aktivitet og sysselsetjing. Men situasjonen krev meir.

Om staten gjev oss midlar kan fylkeskommunen rimeleg raskt setja i gang t.d. vedlikehald av skulebygningar, bruer, tunnelar, generell utbetring av fylkesvegar samt vern og vøling av kulturminne i større omfang enn økonomien vår tillet i dag.

I fyrste rekkje treng ein her friske midlar og nye tilskotsordningar. Utvida rammer og nye tilskot gjev størst sysselsetjingseffekt i høve til desse prosjekta, heiter det mellom anna i uttalen.


Uttale frå Fylkestinget i Hordaland 10. desember 2008:

”Hordaland er klar!
Hordaland fylkesting ber regjeringa setje i verk tiltak som vil halda aktiviteten og sysselsetjinga oppe i vår region, noko som vil kome heile nasjonen til gode.
 
Hordaland fylkesting er svært positive til at regjeringa gjennom ulike virkemiddel vil bidra til aktivitet og sysselsetting. Derfor ber Hordaland fylkesting regjeringa setje i verk tiltak som vil halda aktiviteten og sysselsetjinga oppe i vår region, noko som vil kome heile nasjonen til gode.

Hordaland sender dagleg 805 millionar kroner til statskassa (Statistisk Sentralbyrå (SSB) 2007). Med det dramatiske biletet som SSB har teikna av utviklinga i samband med finanskrisa, vil også vår region ha bruk for tiltak mot krisa.  Difor hastar det med at regjeringa set i gang tiltak som kan dempa den negative utviklinga, og som vil bidra til framleis høg verdiskaping i Hordaland. Hordaland står klar!

Hordaland fylkesting vil og peike på at utviding av rammene kan sikre arbeidsplassar og samstundes betre dei offentlege tenestene.

I 2009 set staten endeleg i gang bygging av nytt odontologibygg og nybygg for lagmannsretten. Det er Hordaland fylkesting glade for. Utviklinga i økonomien gjer det klårt at det vil gagne heile regionen om staten også legg til rette for større statlege investeringar i nybygg for Høgskolen i Bergen allereie neste år.

Vi i Hordaland fylkeskommune vil med investeringane våre, særleg i vidaregåande skular, bidra mykje til aktivitet og sysselsetjing. Men situasjonen krev meir. Om staten gjev oss midlar kan fylkeskommunen rimeleg raskt setja i gang t.d. vedlikehald av skulebygningar, bruer, tunnelar, generell utbetring av fylkesvegar samt vern og vøling av kulturminne i større omfang enn økonomien vår tillet i dag. I fyrste rekkje treng ein her friske midlar og nye tilskotsordningar. Utvida rammer og nye tilskot gjev størst sysselsetjingseffekt i høve til desse prosjekta.

Hordaland har fleire samferdsleprosjekt som er klare for snarleg realisering, mellom anna:
• Fullføring Rv13 Brimnes-Bu (restdel)
• Rv563 Utbetring Kleppestø-Erdal, 
• Rv555 kollektivfelt Breivik–Drotningsvik
• Rv550 Utne-Jondal
• Rassikringsprosjektet Rv 13 Deildo
• Rv13 Meierisvingen, Odda kommune
• Ferjekaiutbetring Langevåg, Buavåg, Utåker, Årsnes
• Gang og sykkelveg Rv546 Hufthammar-Haugland
• Rv48 Fergekai Årsnes
• Vossapakken, Kvammapakken og Bømlopakken
• E39 utbetring Jektevik, Stord kommune
• E39 Svegatjønn-Rådal restdel
• E39 Knarvik sentrum,
• Bergensbanen – både økt vedlikehald og strekningstiltak
• Oppgradering haldeplassar og terminalar i Bergensområdet inkl. Nonneseter/Bystasjonen
• Kollektivterminalar og haldeplassar elles (jfr egen plan)

Igangsetjing av eitt eller fleire av desse prosjekta i 2009 vil bidra mykje til aktivitet og sysselsetjing i landets viktigaste eksport- og verdiskapingsregion. I tillegg vil fleire av tiltaka gje ei god klimaeffekt. Hordaland er klar, vi ber regjeringa gjere det mogleg for oss å hjelpe til å motvirke krisa.

10.12.2008 14:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart