Hermansen i utval som utgreier eigenkontroll

Leiar i Hordaland fylkeskommune sitt kontrollutval, Terje Hermansen, er oppnemnt som medlem i arbeidsgruppe som skal føreslå tiltak for å styrkja eigenkontrollen til kommunar og fylkeskommunar. Gruppa er oppretta av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD

Gruppa har ti medlemer og vert leia av ordførar i Steinkjer, Bjørn Arild Gram.

Terje Hermansen, leier i Hordaland fylkeskommune sitt kontrollutval, er av Kommunal- og regionaldepartementet oppnemnt i arbeidsgruppe som skal sjå på eigenkontroll i kommunesektoren.

Terje Hermansen, leiar i Hordaland fylkeskommune sitt kontrollutval, er av Kommunal- og regionaldepartementet oppnemnt i arbeidsgruppe som skal sjå på eigenkontroll i kommunesektoren.

Hovudutfordring
Hovudutfordringa, slik departementet vurderer det, er ikkje korleis ein kan forbetra regelverket, men korleis ein ved rettleiing og kompetanseheving kan medverka til at kontrollutvala, revisjonen og administrasjonssjefen betre kan fylla rollene sine i eigenkontrollsystemet, heiter det i pressemeldinga frå KRD.

Vidare heiter det i pressemeldinga: «Dette er truleg eit spørsmål om mellom anna rolleforståing, ressursar og kompetanse – og om vilje til å ta opp ubehagelege spørsmål. I samband med dette er det ønskjeleg å sjå på tilhøvet og samspelet mellom kontrollutvalet og revisjonen på den eine sida og administrasjonssjefen på den andre sida.»

Mandat
I mandat til gruppa heiter det mellom anna at «Arbeidsgruppa skal gjera greie for samspelet mellom internkontrollen til administrasjonssjefen og arbeidet i kontrollutvalet og revisjonen, og vurdera tiltak som kan styrkja dette samspelet.»

På bakgrunn av rapporten Internkontroll i norske kommuner frå Agenda skal arbeidsgruppa vurdera og føreslå tiltak for at kommunane og fylkeskommunane utviklar ein heilskapleg internkontroll. Arbeidsgruppa skal presentera gode eksempel på internkontrollsystem når det gjeld anskaffingar, og føreslå tiltak eller rettleiing som kan verka til at kontroll med anskaffingar vert ein del av ein heilskapleg internkontroll.

Omvent fleirtal?
Arbeidsgruppa skal vurdera om mindretalet i kommunestyret eller fylkestinget bør ha fleirtalet i kontrollutvalet, og om det vil vera tenleg om eit mindretal i kontrollutvalet fekk ein lovfesta rett til å be revisor gi ei vurdering av ei sak eller ei hending og kor stort dette mindretalet eventuelt bør vera.

Frist
Arbeidsgruppa skal levera rapporten sin til departementet innan 31. desember 2009.

Lenkje
Pressemelding om oppnemning og mandat

Stanley Hauge 02.12.2008 10:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart