Sju toppidrettsutøvarar i Hordaland er heidra med fylkeskommunen sitt fat for særlege idrettsprestasjonar i 2008. Fire av dei tok medalje ved OL og Paralympics i Beijing

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.h.) stod for utdelinga av fylkeskommunen sine fat for særlege idrettsprestasjonar på fylkestinget 9. desember. Vidare frå høgre: Tommy Urhaug, Mariann Vestbøstad og Kjersti Tysse Plätzer. Mona Dale Oen (t.v.) tok imot på vegner av sonen Alexander Dale Oen. «Friflygarane» får fatet overrekt ved eit anna høve.
Tommy Urhaug frå Radøy og Stord Bordtennis klubb tok bronse i bordtennis i Paralympics. Osingen Kjersti Tysse Plätzer, IL Norna Salhus, fekk fatet for sølvmedaljen i 20 km kappgang. Alexander Dale Oen frå Øygarden og Vestkantsvømmerne fekk også fat for OL-sølv – på 100m brystsymjing. Klubbkameraten hans, Mariann Vestbøstad, Vestkantsvømmerne, frå Fitjar tok bronse på 100m bryst i Paralympics.
Mathias Holtz, Kristian Moxnes og Haavard Flaat frå Voss fallskjermklubb fekk fat for sølv i VM i friflyging lag i fallskjermhopp.
Heng høgt
Hordaland fylkeskommune sitt fat for særlege idrettsprestasjonar er ei utmerking som heng svært høgt. Det er idrettsprestasjonen som kvalifiserer utøvarane til ei slik utmerking. Kravet er medaljeplassering i verdsmeisterskap eller olympiske leikar. Verdsrekordar og siger i verdscupen samanlagt kvalifiserer og til fylkeskommunen sitt fat.
Oppslag i ba.no