Stipendvinnarar
· Sverre Lunde Pedersen, 16 år, skeiser, Os kommune
· Kristine Wigdahl Hegland, 16 år, fotball, Bergen kommune
· Alexander Benevoli, 18 år, handball, Bergen kommune
· Isabelle Pedersen, 16 år, friidrett, Bergen kommune
· Vinjar Slåtten, 18 år, freestyle, Voss kommune
Utdelinga vart gjort av leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad på fylkestinget 9. desember.

Leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad (t.v.) delte ut idrettsstipend til frå venstre: Isabelle Pedersen, Sverre Lunde Pedersen (men her er det far Jarle som tek imot på Sverres vegner), Kristine Wigdahl Hegland, Alexander Benevoli og Vinjar Slåtten.
Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar og trenarar. Ein person kan berre få slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.
Hordaland idrettskrets/Olympiatoppen Vest-Norge har delteke i prosessen med å vurdera kven av dei 48 søkjarane som var best kvalifisert til å få Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for 2008. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, er gjort av kultur- og ressursutvalet.
Utøvarane
Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:
Sverre Lunde Pedersen
er ein 16 år gamal skeiseløpar frå Os som representerer Fana IL. Sverre er ein av Noregs mest lovande skeiseløpar og han har vunne alle landsmeisterskap han har delteke i sida han var 12 år. Han er god på alle distansar og sist vinter deltok han i VM for junior i Kina. I periodar trenar han saman med landslaget og han er med i Norges Skøyteforbund si utviklingsgruppe. I vinter er han i full gang med deltaking i verdscupen for junior, der han alt har vore på sigerspallen.
Kristine Wigdahl Hegland
er 16 år gamal fotballspelar som representerer Arna-Bjørnar. Kristine har delteke på krinslag, regionslag og aldersbestemt landslag i mange år! No spelar ho på J 20 landslaget og deltok i VM i Chile i november/desember i år. Ho er den mest lovande jentespelaren i fylket og er den yngste jenta som har fått profftilbod. I samråd med fotballmiljøet i Bergen valte ho å seie nei til profftilbodet frå franske Montpellier (topp 3 i den franske liga) for å satse på vidare utvikling i fotballklubben Arna-Bjørnar og skulegang på toppidrettslina ved Tertnes videregående skole.
Alexander Benevoli
er 18 år gamal handballspelar som representerer Fyllingen IL. Alexander går på toppidrettslina på Tertnes videregående skole, og spelar for andre sesong fast på Fyllingen Håndball Elite. Han har etablert seg på aldersbestemt landslag og har per i dag 32 kampar for Norges U 18 landslag. Alexander er villig til å trene mykje og gir alt for laget. Han står på og kjempar, og er eit stort førebilete for lag- og klassekameratane sine.
Isabelle Pedersen
er 16 år gamal friidrettsutøvar som konkurrerer for IL Norna-Salhus. Isabelle har imponerande resultat i fleire øvingar. Som 14-15 åring toppa ho heile 11 øvingar og sette fleire norske aldersrekordar. Denne sesongen kom det store gjennombrot på hekk, der ho sette ny aldersrekord på 100 m hekk på tida 13,53 og med det kvalifiserte seg til junior VM i Polen. Isabelle er også dyktig i høgde, lengde og stav. Ho trenar no dagleg med landslagstrenar og utviklingstrenar i Norges Friidrettsforbund.
Isabelle Pedersen er ein lovande utøvar i fleire friidrettsøvingar - lengdehopp er ei av dei.
Vinjar Slåtten
er 18 år gamal freestyleutøvar som representerer Voss Freestyleklubb. Vinjar er på landslaget i kulekjøring og går på Toppidrettslina på Voss Gymnas. Han er regjerande noregsmeister to år på rad og deltok i både europacup- og worldcup renn i 2008. Vinjar har store ambisjonar og ønskjer å etablere i seg topp 5 i europacupen og å kome i finalen i eit worldcuprenn. Det store målet er VM på heimebane i 2013 og OL i 2014.
Kontaktperson:
Fylkesidrettssjef Brit Karen Spjeld – tlf. 55 23 91 82
Oppslag i ba.no