Fylkesbudsjett på over 5,3 milliardar

Hordaland fylkeskommune sitt budsjett for 2009 vert på 5,34 milliardar kroner etter fylkestinget sitt vedtak 9. desember.

Budsjettet fordeler seg med 4 298 mill. kr til drift av dei ulike tenesteområda,  231 mill. kr til renter og avdrag på lån og 811,5 mill. kr til investeringar. Totalbudsjettet for Hordaland fylkeskommune i 2009 vert dermed på i alt 5 341 mill. kr.

Fordeling
Driftsbudsjettet fordeler seg slik: Opplæring 2 193,7 mill. kr, samferdsel 1 049,4 mill. kr, tannhelse 219,4 mill. kr, kultur 212,0 mill. kr, regional utvikling 182,1 mill. kr, politiske organ og administrasjon 212,2 mill. kr, og fellesfunksjonar 190,6 mill. kr.

Inntekter
Skatteinntekter og rammetilskot er på 3 619,0 mill. kr, inntekter på dei ulike tenesteområda utgjer 896,8 mill. kr, renteinntekter  50,0 mill. kr og bruk av ubundne avsetjingar  2,5 mill. kr.

Investeringar 2009
Hordaland fylkeskommune skal bruka 811,5 mill. kr til investeringar i 2009, 100,5 mill. kr meir enn i år. 551,5 mill. kr skal nyttast i skulesektoren, 226,5 mill. kr til samferdsel, 8,5 mill. kr ved tannklinikkar, 3 mill. kr til kulturprosjekt, 1 mill. kr til næringsføremål og 21 mill. kr til fellesfunksjonar.
 Største einskildløyvinga er 120 mill. kr til Amalie Skram videregående skole i Bergen. Til Nordahl Grieg videregående skole er det ført opp 88 mill. kr og til tilbygg ved Knarvik vidaregåande skule 48 mill. kr. Begge desse skulane er under bygging.

Meir om budsjettet
Pressemelding frå fylkestinget 9. desember 2008

Årsbudsjett 2009 og økonomiplan 2009-2012

 

Stanley Hauge 09.12.2008 19:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart