52 stader, fleire besøkande, nye bøker og ein digital bokbåtklubb har bokbåtmannskapet meistra. Særleg barna var nøgde med det flytande biblioteket.
Dårleg ver på Espevær
For litt over ei veke sidan la bokbåten Epos til kai etter ein vellukka hausttur langs Hordalandskysten. Bokbåten skulle vitje 53 stadar og fekk vitja 52. Den eine avlysinga var på grunn av dårleg ver då dei skulle vitje Espevær.
Auka besøk
Både talet på besøkande og utlån aukar. Det totale talet på besøkande har me ikkje, for ein tel berre dei som kjem på den kulturelle framsyninga ombord. Vi ser likevel at tendensen som har vore dei siste åra held seg. I 2008 kom det til saman 2 940 personar på bokbåten sine framsyningar - noko som er ein auke på 470 personar frå 2007.
Nedgang for folkebiblioteka, auke for Bokbåten
Dei fleste folkebiblioteka i Hordaland og landet elles har per i dag nedgang i utlånet av bøker, medan det på bokbåten dei siste fem åra har vore motsett. I 2008 auka utlånet med nesten 500 fleire utlånte titlar i høve til 2007.
Nye bokbåtstopp og nytt tilbod
Bokbåten hadde tre nye bokbåtstopp hausten 2008: Lysekloster, Søre Øyane og Nore Øyane. Alle nye stopp som kjem til er eit resultat av ynskje frå kommunar eller grender. I løpet av årets hausttur kom det inn meldingar frå tre nye grender som også ynskjer seg besøk av det flytande biblioteket.
Digital bokbåtklubb
Nytt frå hausten 2008 var også den digitale bokbåtklubben. som er ein nettstad for born i 1. - 7. klasse som er lånarar på bokbåten. Her finn dei mellom anna tips om gode bøker, konkurransar og teikningar.
Bokbåten Epos
Bokbåtklubben