– Det er ei ære å bli nominert til Frivillighetsprisen 2008, seier Mariam Mafi, dagleg leiar i Bergen Internasjonale kultursenter (BIKS). BIKS var ein av tre kandidatar til prisutdelinga som vart sendt direkte på ”God morgen Norge” på TV2 5. desember
Pris til Buskerud
Prisen gjekk til Harald Rishovd frå Buskerud. Den vart delt ut av kulturminister Trond Giske. Rishovd fekk prisen for at han i ein årrekke har hjelpt nye blinde og synshemma med å skape eit nytt liv. Han var nominert av Norges Blindeforbund.
Den tredje av dei nominerte var Ida Svantorp frå Oslo. Ho vart nominert av Redd Barna for innsats for einslige mindreårige asylsøkjarar på Hvalstad Transittmottak.
Glad for nominasjonen
Mariam Mafi er glad for nominasjonen av BIKS.
– Det har mykje å seie for oss at vi er nominert. Dette er ei vedkjenning av det frivillige arbeidet. Det er viktig både for målgruppa vår og dei som brukar senteret. No får vi løn for strevet. Det frivillige arbeidet gjer vi for indre lyst og glede. Det er viktig å understreke kor viktig det er å bli sett pris på. Dette delar vi med alle, og ikkje berre BIKS, seier Mafi.
70 frivillige organisasjonar
BIKS er eit senter for internasjonal kultur og held til i Fensal i Kong Oscargaten. Over 70 frivillige organisasjonar er tilknytta senteret.
BIKS vart oppretta i 1993 som ein etat i Byavdelingen for kultur. I år vart BIKS ein eigen foreining.
– Vi er kulturformidlarar og skipar til kulturaktivitetar. Vi samarbeidar med kunstnarar og kunstutøvarar. Vi er arena for mange amatørkunstnarar som har vore profesjonelle i heimlandet sitt, men som har vanskar med å sleppe til her i landet. Hos oss får dei høve til å utfalde seg med kunsten sin, seier Miriam Mafi.
Fem kandidatar i Hordaland
I Hordaland var det fem kandidatar til Frivillighetsprisen 2008. Hordaland fylkeskommune nominerte BIKS og organisasjonen Frivillighet Norge, som står bak prisen, valde BIKS ut som ein av tre kandidatar. Fredag 12. desember skipar BIKS til frivillighetsdagen.
Meir informasjon om BIKS på www.biks-bergen.no/
Meir informasjon om prisen og kandidatane hos TV2
Sida vart oppdatert 8. desember 2008