12 millionar kroner til Bømlopakka

Hordaland fylkeskommune løyver 12 millionar kroner til Bømlopakka. Bømlopakka har som mål å utbetra vegstandarden på Bømlo slik at han tilfredsstiller næringslivet sitt behov og slik at ulykker på vegnettet går monaleg ned.

Pengane blir tekne frå dei såkalla kompensasjonsmidlane for 2007. Dette er pengar som staten refunderer av arbeidsgjevaravgifta for å sikre sysselsetting i distrikta. Ein del av desse pengane får Hordaland fylkeskommune til vidare fordeling i distriktet.

Løyvinga til Bømlopakka inngår i ”Plan for bruk av kompensasjonsmidlane 2007” som er utarbeidd av ei styringsgruppe med representantar frå dei aktuelle kommunane.

Planen er godkjent av fylkesutvalet.

Meir informasjon om Bømlopakka (word)

Torill Monstad 22.12.2008 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart