– Vi går mot ei uroleg og problematisk tid

– Dei siste par månadene har det blitt stadig tydelegare at vi går mot ei langt meir uroleg og problematisk tid for næringsliv og sysselsetjing enn det som var venta, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting i Bergen
Kom raskt
Fylkesordføraren oppsummerte dei siste åra der Hordaland har hatt den lågaste arbeidsløysa på 20 år, den høgaste sysselsetjinga nokon gong, stor folkeauke og at det generelt sett har gått svært godt i fylket vårt.
– Snunaden har kome raskt. På tampen av 2008 er utsiktene vesentleg endra. Frå ulike delar av fylket kjem det meldingar om konkursar, permitteringar og innskrenkingar. Det er framleis slik at vi har svært høg sysselsetjing og aktivitet i Hordaland. Auken i arbeidsløysetala i november var vesentleg mindre her enn i dei fleste andre fylke og landet sett under eitt.

Arbeidsløysa går opp
Fylkesordføraren peika på at arbeidsløysa i Hordaland er på veg opp.
– Ved utgangen av november var talet på heilt ledige 3 898, ein auke på 11 prosent frå same tid i fjor. På landsbasis vart det 18 prosent fleire ledige. Berre tre fylke hadde lågare auke enn Hordaland, og ni fylke hadde mellom 21 og 39 prosent auke. Men i følgje ferske prognosar frå sentralt hald skal det bli mykje verre. Statistisk sentralbyrå seier at den internasjonale konjunkturnedgangen vil bli kraftig. På landsbasis vil talet på arbeidsledige auke til over 100 000 i løpet av 2009, og arbeidsløysa vil nå 4,6 prosent i 2010 før den fell litt i løpet av 2011, er SSB sin nyaste prognose.

Ta tid å kome over kneiken
Fylkesordføraren viste til at vi må tilbake til 1987-89 for å finne ein så dramatisk auke i arbeidsløysa, om tala til SSB slår til. På det verste var over 13 000 ledige, men dei to siste åra skil seg ut med 3000-4000 arbeidsledige.
– Eg trur vi gjer klokt i å ta som signal om at det vil ta tid å kome over kneiken denne gongen også. Tidlegare når arbeidsløysa i Noreg var høg, låg ho oftast endå litt høgare i Hordaland. Vi får håpe at det blir annleis no. Vi har store prosjekt i gang i  innan olje-, gass- og CO2-reinsing. SSB trekkjer nettopp fram at petroleumssektoren kan gje positive impulsar og spår at investeringsaktiviteten vil halde seg oppe og til dels auke noko.

Grunn til oppmuntring
Fylkesordføraren skyt inn at SINTEF har laga ein rapport om næringsutvikling og industrireising i Mongstad-Kolsnes-aksen, på oppdrag frå fylkeskommunen og samarbeidspartnarar som gjev grunn til oppmuntring.
– Rapporten viser at det er eit godt potensial for ny næringsutvikling i heile bergensområdet med utgangspunkt i næringsklustra på Mongstad og i Øygarden. Innan samferdsel kjem bygginga av Hardangerbrua i gang, og i 2009 set staten endeleg i gang bygging av nytt odontologibygg og nybygg for lagmannsretten. Vi i Hordaland fylkeskommune vil med det store investeringsopplegget vårt, særleg i vidaregåande skular, bidra mykje til aktivitet og sysselsetjing.

Det hastar
Fylkesordføraren meiner det hastar for regjeringa å setje i gang tiltak som kan dempe den negative utviklinga.
– Her i Hordaland ligg det godt til rette for større statlege investeringar i nybygg, for Høgskolen i Bergen, innan veg- og jernbanebygging og Helse Bergen har også viktige prosjekt som enno manglar finansiering. Om staten gjev oss midlar kan fylkeskommunen rimeleg raskt setje i gang, til dømes vedlikehald av skulebygningar,  bruer, tunnelar og generell utbetring av fylkesvegar i større omfang enn økonomien vår tillet i dag.

Rekordstor folkevekst
Men sjølv i nedgangstider ligg Hordaland an til å få ein rekordstor folkevekst.
– Folkeauken her i fylket er dei første tre kvartala i år på nesten 5 400 personar, om lag 900 meir enn i fjor. Innbyggjartalet kom opp i 468 045 pr. 1. oktober, nesten 7000 høgare enn på same tid i fjor. Held denne tendensen seg i siste kvartal, blir veksten atskilleg høgare enn auken på 5963 personar i fjor. Det er særleg innflyttinga frå utlandet som gjev dette solide plusstalet. Men i år har vi også nettoinnflytting på 152 personar frå resten av Noreg, mens det innanlands i fjor var 150 fleire som har flytta frå enn til Hordaland. Det er framleis slik at hovudtyngda av veksten skjer i bergensområdet og langs kysten elles, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting på Bergen Kongressenter tysdag 9. desember 2008.

Les heile talen hennar i rikt tekstformat

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget tysdag 9. desember i rikt tekstformat

Bjarte Brask Eriksen 09.12.2008 11:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart