Den uviljen til å yta støtte til Ålvik som kommunal- og regionalministeren gjev uttrykk for er svært skuffande. Og desto meir uventa på bakgrunn av den prisverdige viljen den raud-grøne regjeringa har vist til å stilla opp for industristader som slit med
At regjeringa seier nei både til å yta støtte til opprusting av trallebana og midlar til pilotprosjekta til Ålvik vekst, slik statsråd Magnhild Meltveit Kleppa seier til Hordaland Folkeblad 23. desember, gjer meg opprørt seier fylkesordføraren. Dette dreier seg ikkje om mangel på lokalt eller regionalt engasjement, men om ein tafatt industripolitikk frå regjeringa.
– I desse sakene har me satsa på dialog med regjeringa og ikkje «gått på barrikadane». Om det er dette statsråden oppfattar som manglande lokalt engasjement, kan eg lova me skal koma sterkt tilbake, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg, og legg til at Ålvik er ei raud-grøn høgborg i Hardanger.
– Med utvikinga den siste tida, med melding om at Elkem vil seia opp 30 personar like over nyttår, er det endå viktigare at Ålvik vekst får støtte til pilotprosjekta. Den generelle utviklinga med aukande arbeidsløysa også her i Hordaland, understrekar også kor viktig det er å skapa nye arbeidsplassar.