– Finanskrisa og trass andre kriser, det går bra for Hordaland fylkeskommune, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting på Bergen kongressenter 9. desember.
Bra for alle fylkeskommunane
– At det går bra på mange område, gjeld både for Hordaland og for fylkeskommunane samla, understreka fylkesrådmannen.
– Etter svært mange år med diskusjon om eksistensen til fylkeskommunane, underskot og tap av store oppgåver, er mangelen på problem nesten påtakeleg. Så langt eg veit, ligg heile sektoren an til å få ein bra rekneskap for 2008. Og vi diskuterer nye oppgåver, dels som følgje av reforma som blir vedteken neste år, og dels som følgje av samarbeid med statlege etatar. Dette gjeld kanskje særleg i fylke vårt der vi har eit godt samarbeidsklima spesielt med Universitetet i Bergen. Også kontakten og samarbeidsklimaet med næringsorganisasjonar og kommunar er svært godt. Det er i det heile teke ein ganske mild bris over mykje av det vi driv med.
Det store samtaleemnet
Fylkesrådmannen kom inn på det store samtaleemnet for tida, finanskrisen og korleis den ser ut til å påverke den generelle økonomien i samfunnet og dermed også kvar enkelt av oss anten vi har pengar i banken eller ikkje.
– Det underlege med krisa er at den tilsynelatande kom mens alt gjekk betre enn nokon gong. Då Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane vart offentleggjort i mai i år, var behovet for arbeidskraft i 2008 vurdert til ca. 8000 fleire berre i Hordaland. Overslaget var basert på ei bedriftsundersøking som vart gjennomført i februar og mars i år.
Klimakrisa forsvann
Fylkesrådmannen peika på at samstundes med at finanskrisa oppstod, har klimakrisa forsvunne.
– Uroa for at veksten i forbruk skulle forsterke presset på miljø og klima synest å vere heilt borte. Det som no er politikken, er tvert i mot å auke eller i alle fall å halde forbruket oppe for å dempe finanskrisa. Økonomisk og sosialt er dette sikkert god politikk, men det illustrerer styrkeforholdet mellom økonomi og miljø og kvifor vi har eit miljøproblem, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen sin til fylkestinget tysdag 9. desember 2008.
Les heile talen til fylkesrådmannen i rikt tekstformat
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av fylkestinget tysdag 9. oktober 2008