Opprørande
Det er opprørande at det i internasjonal sone er lovleg å dumpa god matfisk i store mengder. Ei fangstform der det er gjengs at store delar av fangsten vert kasta ut att for å betra lønsemda, er uforsvarleg både av ressurs- og miljøomsyn, heiter det i brevet som Selsvold Nyborg har sendt på vegner av Vestlandsrådet.
Dumpa fangst
Bakgrunnen for brevet er mellom anna hendinga nyleg då kystvakta dokumenterte at ein britisk trålar dumpa storparten av fangsten for å kunna fylla kvoten sin med betre betalt fisk. Dumpinga skjedde i internasjonal sone og den norsk kystvakta kunne derfor ikkje gripa inn jamvel om dumpinga er ulovleg etter norske reglar.
Uhaldbart
På Vestlandet, ein av dei største fiskeriregionane i Europa, reagerer me sterkt på den ressursøydinga av proteinrik mat som skjer med dagens fangstregime. Det er uhaldbart at det ikkje finst internasjonale reglar som forbyr slik dumping, heiter det i brevet frå leiaren i Vestlandsrådet.
Forbod
Me treng eit internasjonalt forbod mot fiskedumping snarast – dagens situasjon kan ikkje halda fram, seier Selsvold Nyborg i brevet til EU-kommisjonær Borg der ho sterkt oppmodar han om å gjera sitt til å få eit forbod på plass.
Internasjonalt
I brevet til statsråd Helga Pedersen heiter det: «Vestlandsrådet vil oppmoda fiskeri- og kystministeren om å ta opp situasjonen med EU med sikte på å få på plass internasjonale reglar som set ein stoppar for dumpinga. Tiltak for å utvikla fangstreiskapar for å unngå at fisk under fastsette minstemål vert fanga, og kontrolltiltak for å sikra at nytt regelverk vert følgd, høyrer også med i dette biletet.»
Lenkje
Nrk.no - Trålere dumpet 5 tonn fisk
Nrk.no - Video av fiskedumping