Frå og med måndag 11. august startar Sun Air ruteflyging på strekninga Stord-Oslo v.v. Det vert 15 rundturar Stord-Oslo-Stord kvar veke. Nyopninga av flyplassen vert markert med open dag sundag 10. august kl. 14-17.
Måndag til torsdag vert det tre daglege avgangar både fra Stord og Oslo. I tillegg kjem to avgangar på fredag og ein på sundag. Fredag ettermiddag vert det avgang frå Stord til Aarhus i Danmark med retur på sundagar.
Sun Air
Sun Air skal operera ruta i regi av British Airways. Flya som vert nytta på Osloruta er dekorerte i British Airways sine fargar. Det vert i denne omgang gjennomgangsprisar frå Stord via Oslo til London, Helsinki, Aarhus og Aalborg.

Sun Air opererer ruta Stord-Oslo med Dornier-fly med plass til 32 passasjerar.
Dornier-fly
Flyet som skal utføra Osloruta er av typen Dornier 328. Dette er den same flytypen som flyselskapet Air Stord tidlegare har nytta på Stord lufthamn. Flyet er eit tomotors turbopropellfly med plass til 32 passasjerar. Flytida mellom Stord og Oslo vert på 45 minuttar.
Open dag
10. august i år vert det arrangert ein open dag på Stord lufthamn for å markera oppstarten av de nye rutene.
Lenkje
Meir informasjon på Stord lufthamn si heimeside