Støttar freding av Granvin kyrkje

Hordaland fylkesutval støttar framlegget frå Riksantikvaren om freding av Granvin kyrkje. Fylkesutvalet ber om at Riksantikvaren set av midlar til vedlikehald av kyrkja, slik at kulturminneverdiane vert tekne vare på for framtida.

Granvin kyrkje er allereie mellombels freda. Forslaget om freding gjeld permanent freding av kyrkja.

Føremålet med fredinga er å bevara Granvin kyrkje som eit kulturhistorisk viktig eksempel på dekorrikdommen i dei tidlege 1700-tals kyrkjene. Fredinga skal vidare ta vare på kyrkja som eit verdfullt uttrykk for ein periode der impulsar frå internasjonale mønstre vart blanda med lokal koloritt og formtradisjon.

Pressemelding Hordaland fylkesutval 27.8.2008

Stanley Hauge 28.08.2008 08:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart