Stor Hordalandsdelegasjon på oljemessa i Stavanger

Samla under det nye felles slagordet The Future of Solutions syner 24 utstillarar frå Bergen og Hordaland med sine bedrifter og produkter godt att på ONS 2008 i oljebyen. For å understreka ei sterk regional satsing frå Bergen og Hordaland, vitja fylkesord


Hordalandsregionen marknadsfører seg med framtidas løysingar i olje- og gassnæringa. Her er fleire frå den store delegasjonen, med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (nr.2 f.v) i brodden, som vitja ONS 2008 i Stavanger på opningsdagen. Frå venstre Stord-ordførar Liv Kari Eskeland, Stein Bjørlykke (HOG), Ove Lunde (HOG),  styreformann Jakob Bleie (HOG), adm. dir Sjur Storaas (HOG), Vidar Totland (BRB), adm. dir Asbjørn Algrøy (BRB), dagleg leiar Trond Olsen i NCE Subsea og næringssjef Lars Tveit (HFK).

Hordalandsstanden under ONS 2008 i Stavanger er ein av dei største på årets oljemesse. Med ein stand på nærare 600m2 vert Hordalandsregionen godt markert. Det er nær to år sidan standen vart fullteikna, noko som syner at det er stor interesse i regionen for å delta på ONS gjennom ein felles stand. I tillegg har dei største bedriftene i regionen eigne opplegg og stands. Samla vert olje- og gassnæringa i Bergen og Hordaland svært godt eksponert på årets oljemesse i Stavanger.


Salssjef Olav Brakstad i Clampon AS orienterer bergensordførar Gunnar Bakke og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg om verksemda si. Ove Lunde (HOG) og Stord-ordførar Liv Kari Eskeland føl interessert med.  

Omgrepet ”Bergensregionen-The Future of Solutions” tek utgangspunkt i at vår region er verdsleiande innan olje og gass, maritim industri og ny energi. Vår dynamikk og evne til innovasjon og nytenking skapar nye produkt og utviklar nye løysingar. Alt samla på stand 568 i hall E.

- Må vera tilstades
Salssjef Olav Brakstad i Clampon AS var ein av mange utstillarar hordalandsdelegasjonen vitja. Han orienterte om verksemda og kva som er deira store utfordringar framover.
- Vi operer i 40-50 land årleg, og har om lag 60 tilsette i Bergen og 10 i USA. Du vinn ikkje verda frå Bergen, men må vere fysisk tilstades der du skal selge dine produkt. Vår største utfordring no og framover er å få tak i kompetent arbeidskraft og lokaler. Vi er lokalisert i Laksevåg og har tilsette frå fem omegnskommunar vi gjerne vil behalda. Difor er lokalisering ved utvidingar også ei utfordring, fortalde Brakstad.

Statsraaden
Det er Hordaland Olje og Gass som har samordna opplegget for årets ONS i samarbeid med Possibility AS. Nytt i år er at regionens nye næringsutviklingsselskap Business Region Bergen (BRB) er ein aktiv deltakar. ONS er den første store oppgåva for BRB i samband med satsinga på ei sterkare marknadsføring av hordalandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.

Kjetil Olsen i Safety Tools Almet imponerte hordalandsdelegasjonen med verksemda sin nyvinnande teknologi innan sliping.

BRB arrangerte ein eigen kveld for Bergensregionen om bord på Statsraad Lehmkuhl. BRB ønska å samla sentrale næringsaktørar og mynde i hordalandsregionen som det første store tiltaket i eit langsiktig strategisk arbeid for å skapa meir blest om og gjøre regionen meir kjend.

Bergen Næringsråd: Bergensregionen på ONS

Hordaland Olje og Gass: ONS 2008

Tekst: Simon Sortland og HOG / Fotos: Simon Sortland 28.08.2008 10:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart