Startar helsefagskule i haust – søknadsfrist 25. august

Hordaland fylkeskommune startar i haust helsefagskule. Ved Fitjar vidaregåande skule vert det tilbod om fagutdanning i eldreomsorg og ved Fusa vidaregåande skule i psykisk helsearbeid. Søknadsfristen for begge utdanningane er 25. august.

Eldreomsorg
Fitjar vidaregåande skule startar fagskule for helse- og sosialpersonell innan eldreomsorg. Studieoppstart vert 6. oktober 2008.

Meir informasjon, sjå:  Fitjar vidaregåande skule – fagskuleutdanning innan eldreomsorg

Psykisk helsearbeid
Fusa vidaregåande skule startar fagskule for helse- og sosialpersonell psykisk helsearbeid. Studieoppstart vert 6. oktober 2008.

Meir informasjon, sjå: Fusa vidaregåande skule – fagskuleutdanning innan psykisk helsearbeid

Inntakskrav
For opptak til fagskuleutdanning, vert det kravd fullført vidaregåande opplæring frå studieretning for helse- og sosialfag, som til dømes hjelpepleie, omsorg, aktivitørutdanning e.l. I tillegg vert det kravd minimum eit årsverk relevant yrkespraksis etter vidaregåande skule/ fagbrev. Det kan i særskilde høve gjerast opptak på grunnlag av realkompetansevurdering.

Deltidsstudium over to år
Begge dei to fagskuletilboda i helsefag har ei normert studietid på eitt år, men vert gjennomført på deltid over to år.

Adresser:
Fitjar vidaregåande skule
Postboks 44,
5418 FITJAR
Tlf: 53 45 78 00
Faks: 53 45 78 01
E-post: post.fiv@post.hfk.no


Fusa vidaregåande skule
Postboks 113
5649 Eikelandsosen
Tlf.:56 58 09 00  
Faks: 56 58 09 01
E-post: post.fuv@post.hfk.no

Stanley Hauge 14.08.2008 11:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart