Fylkesutvalet i Hordaland meiner at oppretting av lågutsleppssoner i forureina byområde kan vera eit effektivt verkemiddel for å få ned lokal luftforureining, heiter det i fylkesutvalet si fråsegn til endringa i vegtrafikklova og forskrifta om avgifter f
Meir miljøvenleg
Lågutsleppsoner kan forsera innfasinga av meir miljøvenleg tungtransportteknologi - noko som vil bidra positivt i høve internasjonale forpliktingar om NOX reduksjon og komande grenseverdikrav i forurensningsforskrifta. Fylkesutvalet er difor positive til den føreslegne lovendringa i §13 i Vegtrafikkloven.
Vedteke med 9 mot 6
Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med 9 (KrF, Ap, SV, Sp, V) mot 6 (H, Frp) røyster. Fremskrittspartiet og Høgre røysta for eit eige forslag om å gå imot lågutsleppssoner og satsa på andre verkemiddel for å oppnå tilsvarande resultat.
Inntektene til kollektivtransport
Fylkesutvalet i Hordaland seier seg i det store og heile positive til forslaget om ”Forskrift om avgift og tilleggsavgift for kjøring med særlige forurensende biler i lavutslippssone”.
I forskrifta er det ikkje lagt føringar for bruk av inntektene frå avgifta. Fylkesutvalet er samd i tilrådinga i kommentaren til §7 om å nytta inntektene til føremål som reduserer forureininga frå trafikken. Fylkesutvalet rår difor til at det vert forskriftsfesta at nettoinntektene frå lågutsleppssona skal nyttast av kommunen i samråd med fylkeskommunen til å fremja miljøvenleg kollektivtransport i lågutsleppssona.
Pressemelding frå fylkesutvalet 27.8.2008