Skyss skal i løpet av eit par år stå for bussdrifta i heile Hordaland. Drifta av bussane vert utført av selskap som får tildelt oppdrag etter anbod. Slik omlegging har tidlegare i år skjedd i ruteområda Austevoll og Sunnhordland.
Nye skyssområde frå 16. august
Frå 16. august overtek Skyss ansvaret for bussdrifta i regionen Voss og Hardanger. Området omfattar kommunane Voss, Granvin, Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang, Odda, Jondal,
Kvinnherad og Etne, Tysnes, Fusa og Samnanger. I dette området er det Tida Buss AS som skal køyra rutene.
Frå 16. august startar Skyss også opp i kommunane Modalen og Vaksdal. Modalen Eksingedalen Billag AS skal køyra rutene i dette området.
Nye bussar
Gjennom dei nye avtalane har Skyss sikra at kundane vil møta nytt bussmateriell. Alle bussane vil få lik Skyssdekor. Dei nye bussane representerer eit løft i standard for kundane, samtidig som dei tilfredstiller EU sine nyaste miljøkrav.
Alle bussane i områda som Skyss driftar får lik skyssdekor.
Rutetilbodet
Rutetilbodet frå 16. august i regionen Hardanger Voss og kommunane Modalen og Vaksdal er hovudsakleg vidareføring av rutene som har vore fram til denne datoen, men med mindre justeringar.
Rutene finn ein på www.skyss.no eller i rutehefte ute i bussane.
Lenkjer til rutehefte
Rutehefte Voss, Vaksdal og Modalen f.o.m. 16.8.2008
Rutehefte Hardanger, Fusa og Samnanger f.o.m. 16.8.2008
Skysskortet
Skyss er i gang med å innføra eit nytt billettsystem i heile fylket. Skysskortet, som erstattar alle gamle reisekort, er ein del av det nye billettsystemet. Skysskortet er innført i kommunane Stord, Sveio, Bømlo, Fitjar og Austevoll. Frå 16. august vert det også innført i kommunane Modalen og Vaksdal.
Skysskortet og dei tradisjonelle periodekorta, ungdomskorta og studentkorta kan alle brukast ved reiser inn og ut av skyssområde. Men dei reisande må då alltid ha kvittering å visa saman med kortet sitt.
Enkeltbillettar kjøper ein hos sjåfør som før.
Pressemelding
Pressemelding frå Skyss (pdf-fil)

Kartet viser kva kommunar Skyss har overteke ansvaret for bussdrifta i. Skyssområdet omfattar no 20 av dei 33 kommunane i Hordaland. Kartet viser også kva kommunar (7 i alt) det nye Skysskortet er innført i pr. 16. august 2008.