Fylkesutvalet i Hordaland meiner at fylkeskommunane må få attende handlingsrommet til å nytta ABM-feltet som verkemiddel i regional utvikling og på ny kan ha eit samlande grep om museumspolitikken.
Dette seier fylkesutvalet i fråsegna si til evalueringa av ABM- (arkiv, bibliotek og museum) utvikling. Fråsegna vart samrøystes vedteken.
”Smal evaluering”
Fylkesutvalet finn at evalueringa i for liten grad ser på konsekvensane som overføringa av makt og mynde frå regionalt til statleg nivå har fått og at utvalet av informantar er for smalt til å gje eit dekkande bilete av endringane innanfor ABM-feltet.
Lite handlingsrom
Fylkesutvalet meiner at evalueringa av ABMU avdekkjer at statleg styring på feltet blir utforma og praktisert utan tilstrekkeleg forankring i regionale forhold og gjer handlingsrommet for fylkeskommunane mindre.
Regional kompetanse
Fylkesutvalet i Hordaland ber om at Kultur- og kyrkjedepartementet set i gang arbeid med å gjere regionale folkevalde organ ansvarlege for ivareta viktige forvaltingsfunksjonar som i dag vert gjort i ABMU og at det vert utvikla modellar for forpliktande samhandling og bruk av regional kompetanse.
Handlingsrom
Fylkesutvalet meiner at fylkeskommunane må få attende handlingsrommet til å nytte ABM-feltet som verkemiddel i regional utvikling og igjen kan ha eit samlande grep om museumspolitikken.
Midlar
Fylkesutvalet meiner at tildeling av statlege midlar på ABM-feltet må ha samanheng med vedteken regional politikk, t.d. ved at delar av utviklingsmidlane som i dag er disponert av ABM-utvikling, vert førte over til fylkeskommunane.
Pressemelding frå fylkesutvalet 27.8.2009