
Glade mottakarar av pengestøtte til film- og tvproduksjon frå Hordaland fylkeskommune: f.v Lars Børge Løge (Flimmer Film), Jan Aksel Angeltvedt (Alligator Film), Cathrine Instebø Skarbøvik (Mediacircus), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, regissør Erik Richter Strand, forfattar Chris Tvedt og Maria Ekerhovd (Kong Film).
Hordaland fylkeskommune har for første gang satt av pengar til utvikling og produksjon av spelefilm og TV-seriar. Søknader om 250 000 kroner i utviklingsmidlar vart vurdert av og vil utdelast gjennom Vestnorsk Filmsenter. På same måte vil Filmfondet FUZZ handsama søknadane om 450 000 kroner i produksjonsmidlar. Dei 13 søknadane var svært solide.

Forfattar Chris Tvedt (midten) er spent på tv-serien om sin figur, den bergenske forsvarsadvokaten Mikael Brenne, som Mediacircus skal laga seks episoder av. Manusforfattar og regissør Lars Richter Strand og filmprodusent Cathrine Instebø Skarbøvik gler seg også over prosjektstønaden frå Hordaland fylkeskommune på 100.000 kroner.
Gjennom dei siste åra har filmbransjen i Hordaland, med Bergen som naturleg kraftsentrum, opplevd ein imponerande vekst. Både i tal filmarbeidarar og filmselskaper, i kapital, og i tal filmprosjekter i utvikling og under produksjon. Denne positive veksten skapar i sin tur nye utfordringar og dermed krav til nye løysingar.
- Solide prosjekt
Dagleg leiar Irmelin Nordahl ved Vestnorsk Filmsenter og dagleg leiar Lars Marøy i Filmfondet Fuzz vurderte søknadane og tilrådde prosjekta som fekk støtte.
- Det har vore vanskeleg å velge vekk dei prosjekta som ikkje fekk støtte, for alle var solide, sa Irmelin Nordahl ved Vestnorsk Filmsenter. Saman med Lars Marøy i Filmfondet Fuzz har ho vurdert søknadane og kandidatane. Begge understreka kor viktig støtta frå fylkeskommunen er, noko også alle mottakarane sa seg samde i.
Fylkesordførar Torill Selvsold Nyborg poengterte også at Hordaland fylkeskommune i ei årrekkje har satsa på film gjennom ulike ordningar. Spesialrådgjevar Jone Engesvold i Strategi og næringsavdelinga har vore ansvarleg for arbeidet med lanseringa av fylkeskommunal medverknad til utvikling av film- og Tv produksjonar.
BA: Ga 700 000 til filmmiljøet
BTV.no Nyhetene 15.08.08
Talen til fylkesordføraren