Først ute med video om dataergonomi for elevar

Hordaland er den første fylkeskommunen i landet som lanserer ein video med informasjon om dataergonomi for skuleelevar. Den offisielle lanseringa stod leiar Roald Stenseide i Opplærings- og helseutvalet for på Fyllingsdalen videregående skole 20. august.


Opplærings- og helseutvalet sin leiar Roald Stenseide (t.v) og prosjektleiar Eirik Paul Fjørtoft er imponert over innsatsen til Hilde Crone Leinebø og Jaran Ree Michelsen i Hordaland fylkeskommune sin instruksjonsfilm om dataergonomi.

Sjå filmen her

Innføringa av Den digitale skulen i Hordaland fylkeskommune inneber ein ny skulekvardag med nye utfordringar, både for elevar og tilsette. Opplæringsavdelinga har saman med HMT-seksjonen fått laga ein instruksjonsfilm om dataergonomi for alle elevar i vidaregåande skule.

- Spennande
- Dette var nytt for oss, men eit veldig viktig tema. Me hadde inga aning om at dette skulle bli så stort, sa frontfigurane i filmen etter lanseringa. Hilde Crone Leinebø og Jaran Ree Michelsen går begge i 2MDA, og synes prosjektet var spennande.

- De har gjort ein fantastisk jobb, rosa leiar Roald Stenseide i Opplærings- og helseutvalet i sin opningstale.

Prosjektleiar Eirik Paul Fjørtoft presenterte deretter alle medverkande i hans ”filmcrew” og orienterte om prosessen i den nye teatersalen i Fyllingsdalen videregående skole. Han takka særskild fysioterapeut Rikke Richardsen ved HMT-seksjonen for fagleg bistand og lektor Ellen Williams ved Fyllingsdalen vgs for deira medverknad. Prosjektleiaren var og særs nøgd med fotograf Hans Edv. Olsen frå Hero Media sin produksjon..

Filmen sin hovudbodskap er variasjon og rørsle.

- Positivt tiltak
Elevane ved dramalina på skulen skapa stor stemning under premieren, og kom med svært gode og reflekterte spørsmål under ein kort debattrunde. Ein elev synes dette var viktig, for han hadde ikkjetenkt over databruken sin på denne måten før. Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld sa seg svært imponert over kor bevisste elevane er, og den forståinga dei syner for temaet.

- De er våre nasjonale fortroppar innan IKT-undervisninga. De brukar langt meir tid framfor dataskjermen heime enn i skulen, og det er særleg der de bør vere merksame på å følgja dei råd instruksjonsfilmen gir. Vi i fylket er stolte over de vi har fått til her, sa Fjeld.

- Elevorganisasjonen i Hordaland har etterspurt dette, og er svært nøgd med at fylkeskommunen no følgjer opp med denne videoen, sa leiar Thomas Ornell. Han håpa fylket no føl oppfordringa frå elevane om fleire justerbare stolar og tilpassa databord i skulane.

Richardsen ved HMT-seksjonen  understreka at det beste tipset er rørsle og variasjon om ein er på skulen eller heime. Prosjektleiar June Breivik i Den digitale skulen i Hordaland fylkeskommune vona at elevane ville ta råda frå filmen og debattrunden til etterretning i sin daglege databruk.

Sentrale aktørar i og bak filmen om dataergonomi under premieren i teatersalen til Fyllingsdalen videregående skole: f.v. elevane Hilde Crone Leinebø og Jaran Ree Michelsen, lektor Ellen Williams, fysioterapeut Rikke Richardsen ved HMT-seksjonen, prosjektleiar Eirik Paul Fjørtoft og fotograf Hans Edv. Olsen.

Lærarane vert oppmoda om å ha fokus på kor viktig det er med variasjon i arbeidsstilling for å førebyggja belastningslidingar. Døme på gode tiltak i denne samanhengen kan vera å leggja til rette undervisninga slik at ein vekslar mellom ulike undervisningsmetodar og/eller at ein har minipausar der elevane får høve til å strekkja på seg. 

Bakgrunn
I 2007 fekk alle grunnkurselevar i dei vidaregåande skulane levert ut berbar PC til dagleg bruk i undervisninga. Denne ordninga vil halda fram og etter kvart verta utvida til å gjelda alle elevar i skulane våre. På bakgrunn av erfaringar frå arbeidslivet dei siste 20 – 30 åra veit vi at arbeid ved dataskjerm kan føre til utvikling av belastningsplager i nakke, handledd, olboge, rygg, augo o.s.b. Det vart difor sett i gang arbeid med å laga ein informasjonsfilm retta mot elevar i vidaregåande skule om kva som skal til for å ha det bra framfor skjermen.

Scene frå filmen

Filmen vert lagt inn på alle PC-ar levert ut frå HFK av IT-seksjonen. Alle elevar i fylket sine skular skal i haust sjå filmen saman med lærar, og den vil vere tilgjengeleg på eigen pc og fylkeskommunale nettstader. Den vert obligatorisk vist 1. september og 1. oktober.

Tekst og foto: Simon Sortland 20.08.2008 14:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart