Innovasjon Norge i samarbeid med Forskningsrådet og Europakontoret Hordaland Fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte 9. september i Bergen om det nye Eurostars-programmet for små og mellomstore bedrifter .
Eurostars er eit nytt europeisk program som retter seg spesielt mot små og mellomstore forskingsintensive bedrifter (SMB). Her kan norske bedrifter søkja støtte til prosjekter innanfor alle teknologiske fagområde som til dømes forskingsdrevet produktutvikling, nye material, produksjonsoptimalisering, prosessutvikling med meir.
Betre vekstvilkår
Bakgrunnen for programmet er at bedrifter i Europa ikkje veks i same grad som små og mellomstore bedrifter i USA. EUROSTARS skal bidra til å gi forskingsintensive bedrifter betre vekstvilkår. Det er ingen avgrensingar med omsyn til geografi, bransjar, sektorar eller teknologiområde.
Programmet vert koordinert i Norge av Norges forskningsråd. Tirsdag 9. september vil kontaktperson for programmet, seniorrådgjevar Bjørn Henriksen, fortelje om moglegheitene for bedrifter frå Vest-Norge. Seminaret vert halde i Statens Hus i Kaigaten 9, Bergen.
Les meir om programmet her: http://www.eurostars-eureka.eu/
EUROSTARS invitasjon.pdf