Det er Strategi og næringsavdelinga v/Kommunesamarbeid som har teke initiativet og planlagt turen, og prosjektet vart kunngjort like før ferien for 8 av dei kommunane i Hordaland som har tettstadsprosessar på gang, og som har kommunesentra med om lag same storleik som besøksstadane på Sunnmøre.
Trass kort varsel, var interessa for turen stor - alle 8 kommunane ønskte å delta på turen - og dei fleste stiller med politisk og administrativ leiing i tillegg til plan- og tekniske etatar. Det er lagt opp til eit tett og innhaldsrikt program. Ansvarlege og reiseleiarar for turen er Kari Øvsthus og Bjørn Wefring frå Kommunesamarbeid. Dei har samarbeidd om opplegget med tettstadskoordinator Arne-Dag Gjærde frå Møre og Romsdal fylke, som stiller som lokal reiseleiar måndag 25. august.
Nye impulsar til aktive kommunar
Kommunane som deltar på turen er Austevoll, Bømlo, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Tysnes og Voss. Fordelen med å invitere så mange kommunar samstundes er sjølvsagt at det undervegs på turen vil bli breiare diskusojnar - og det kan opprettast nye kontaktar, nettverk og samarbeid på tvers av kommunegrensene!
Reisemåla
på turen er Volda, Ørsta, Fosnavåg, Ulsteinvik og Ålesund. Alle desse stadane kan vise til ulike tettstadsprojekt – gjennomførte eller under planlegging eller bygging. I tillegg til fokus på sentrums- og tettstadsproblematikk, vil også regionalt og kommunalt samarbeid, samt spørsmål kring utvikling av ulike arbeidsmarknadar i Møre og Romsdal bli tema på turen.
Siste post på programmet den vesle tettstaden eller fiskeværet Alnes, som har utvikla heilt eigne konsept rundt Stiftinga Alnes Fyr og ulike lokale aktivitetar, som i sum har medført at staden er blitt eit kjent regionalt reisemål.