To vg-elevar får eit skuleår på Orknøyane – send søknad

To elevar frå Hordaland vil komande skuleår få høve til å ta eit skuleår på Orknøyane. Søknadsfristen til dei to plassane er sett til 10. mai. Alle som går på Vg1 eller Vg2 dette skuleåret, kan søkja.

Meir informasjon
Meir informasjon om tilbodet og om kva søknaden skal innehalda finn du i denne brosjyren (pdf-fil).

Informasjon om tilbodet er sendt til den enkelte skule for distribusjon. Ta eventuelt  kontakt med opplæringsavdelinga  (55 23 92 32).

Fritt opphald og reise
Dei to som vert uttekne, vil få fritt opphald og skulegang på Orknøyane og fri reise tur/retur. Men lommepengar og kostnad med heimreiser i skuleåret må dei dekka sjølv.

Uttak ca. 1. juni
Opplæringsavdelinga tek ut dei to elevane og uttaket skjer ca. 1. juni.

Elevutveksling
Elevutvekslinga er ein del av venskapssambandet mellom Hordaland og Orknøyane. Sidan skuleåret 1991/92 har det årleg vore utvekslingselevar her frå fylket, og tilsvarande kjem det elevar frå Orknøyane i Hordaland.

Informasjon om Orknøyane
Meir informasjon om Orknøyane kan du finna her:

Orknøyane – Hordaland sitt venskapssamband

Orkney Norway Friendship Association

Orkney Tourist Board norsk  og engelsk

Orkney Islands Council

Skulane på Orknøyane
Kirkwall Grammar School

Stromness Academy

Stanley Hauge 30.04.2008 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart