Tilrår revidert Nordhordlandspakke

Fylkesutvalet rår til at Hordaland fylkesting skal vedta den reviderte søknaden frå Regionrådet i Nordhordland om bompengefinansiering av Nordhordlandspakka fase 1. Tilrådinga er gjort med 11 (H, KrF, Ap, Sp, V) mot fire (FrP, SV) røystar.

Fylkestinget avgjer saka på møte i morgon, 24. april.

Fylkesutvalet går inn for at det lokalt vert arbeidd for å gjennomføra Nyborgtunnelen som bompenge-prosjekt i fase 2 av Nordhordlandspakka når den statlege medfinansieringa til prosjektet er meir avklart.

Med bakgrunn i dei råmene som no ligg inne i forslag til NTP rår fylkesutvalet til at fylkestinget skal be om at Regionrådet for Nordhordland og kommunane i Nordhordland revurderer føresetnaden i bompengesøknaden om minimum 50 % statleg medfinansiering fram mot handsaminga av handlingsprogrammet for NTP 2010-2019 i fylkestinget våren 2009.

Nordhordlandspakka fase ein omfattar prosjekt som er kostnadsrekna til 832 mill. kr (2006-kr). Det er føresett ei samla statleg løyving på 422 mill. kr. Dei største einskildprosjekta er Rv 565 Tolleshaug-Soltveit (Radøy) til 393 mill. kr og E39 Eikåstunnelen (Bergen) til 153 mill. kr. Sistnemnde er planlagt fullt ut finansiert med statsmidlar.

Stanley Hauge 23.04.2008 13:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart