
- Vi vil vere med og ta dei utfordringane som næringa får og forskarane gir oss, sa fylkesvaraordførar Tom–Christer Nilsen mellom anna i sin opningstale til Møteplass Marin torsdag 1. april.
I sin opningstale synte fylkesvaraordførar Tom–Christer Nilsen til at det framleis finst ein organisasjon som hevdar at jorda er flat. Han understreka at kunnskap er det einaste forsvar mot mytane.
- Vi kan gjere noko med vêret
- Før trudde vi også at vi ikkje kunne gjere noko med vêret. No veit vi betre, om enn Flat jord-samfunnet finst også i klimaform, påpeika Nilsen.
- Oppdrettsnæringa er den næringa som er spådd størst vekstpotensial på lang sikt. Klimaendringane er dei endringane som er spådd å påverka oss mest på lang sikt. Både klima, fiskeri og akvakultur er kompliserte tema kvar for seg, og ikkje mindre i kombinasjon. Då er det heilt naudsynt å sjå korleis klimaendringane vil påverke opdrettsnæringane for å kunne velge dei rette strategiane framover, understreka fylkesvaraordføraren.

Nilsen takka arrangørane Protevs ved Tor Solberg og NIVA, som feirar sitt 50-årsjubileum i år, Havforskningsinstituttet, Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen for å ha stilt landets fremste forskarar til rådvelde for å dela sin kunnskap. Saman med nær 100 næringsaktørar og offentleg forvaltning satte dei kvarandre stemne på Scandic Bergen City Hotel med heile 12 ulike føredrag og diskusjonar om framtidsscenario innan klimaendringar, fiskeri og akvakultur.
- Høgare temperaturar og stigande havnivå vil gi oss både store utfordringar og moglegheiter i framtida, påpeika professor Helge Drange ved Nansensenteret.
Meir vêr gir større konsekvensar
Først ut var professor Helge Drange ved Nansensenteret som gav ein klimaprognose for norskekysten. Han peika på fire punkt: utsleppsreduskjon, tilpasning, eit samla ansvars-, rettferds- og tryggleikperspektiv, og moglegheiter.
Drange kom særleg inn på kva endringar me kan venta oss andsynes ein noko svakare Golfstraum, høgare temperaturar, auka saltinnhald, meir vind, stigande havnivå, meir forsuring og variabilitet.

Professor Dag L. Aksnes ved Universitetet i Bergen heldt fram med kva klimaendringane kan få av konsekvensar for fjordøkologien. Mellom anna at det kan føra til auka algeproduksjon, auka konsentrasjon av næringssalter, mindre lys og lågare biologisk produksjon.
Blant ein engasjert forsamling var også Hans Inge Algerøy frå Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening. Han provoserte med sin uttale om at forskarane var usamde seg i mellom, og at det slik sett var mest umogleg for oppdrettsnæringa å vita kven dei skulle forhalda seg til.

Sjuk fisk har vore og vil vere eit problem også i framtida. NIVA-forskar Torbjørn Johnsen (t.h) tok for seg algeoppblomstring, maneter og begroing.
Meir om samlinga og link til dei ulike føredraga finn du her.
Program Marin Møteplass: Klimaendringar og havbruk