Samferdsleutvalet vil ikkje utsetje Jondalstunnelen

Fleirtalet i Samferdsleutvalet tilrår fylkestinget å stå fast på tidlegare vedtak om å realisere Jondalstunnelen. Saka skal til Fylkesutvalet 23. april og endeleg avgjerd i Fylkestinget 24. april.

Samferdselsdepartementet har bede om ny gjennomgang av finansieringsplanen for Jondalstunnelen med bakgrunn i kvalitetssikringa departementet har gjennomført. Det føreligg også reviderte kostnadstal frå Vegdirektoratet som no legg til grunn ein kostnad for Jondalstunnelen på 730 mill. 2007-kr.

Fylkesrådmannen meiner kostnadsoverslaget for Jondalstunnelen er for høgt til å finansiera prosjektet over fylkesvegbudsjettet. Fylkesrådmannen føreslår at prosjektet vert vurdert i regionvegsamanheng og kjem attende til prosjektet i samband med fylkesbudsjettet for 2010. 

Avrøystinga i Samferdselsutvalet tilrår etter fellesframlegg med 9 (Ap, Sp, V og Frp) mot 4 (H og KrF) røyster følgjande:
1. Fylkestinget viser til nytt kostnadsoverslag for Jondalstunnelen som inneber ein kostnadsauke på 279 mill. kr. og tek dette til etterretning.
2. Fylkestinget står fast på sitt tidlegare vedtak (sak 12/05) om å realisere prosjektet, og ber om at bompengeproposisjonen for Jondalstunnelen vert lagt fram, og prosjektet vert lyst ut på anbod så snart som råd.
3. Fylkestinget slår fast at den vedtekne finansieringsplanen for Jondalstunnelen, med ramme på 529,4 mill kr, ligg inne i økonomiplanen som gjeld fram til 2011. Fram til 2011 vil det, ut frå den vedtekne finansieringsplanen, vere nok midlar frå eksterne kjelder til å dekke byggekostnadane. Fylkestinget legg til grunn at auka kapitalkostnad som følgje av kostnadsauke vert finansiert med framtidig konsesjonskraftinntekt, som i stor grad er utan bindingar frå 2010.
 
Fellesframlegg frå Krf og H fall mot 9 (Ap, Sp, V og FrP) røyster:
1. Fylkestinget viser til nytt kostnadsoverslag for Jondalstunnelen som inneber ein kostnadsauke på 279 mill. kr.
2. Fylkestinget viser til regionreforma som er venta gjennomført frå 2010 der m.a. riksvegar – utanom stamvegar – saman med fylkesvegar vert klassifiserte som regionvegar.
3. Fylkestinget vil koma attende til finansiering av Jondalstunnelen i samband med handlingsprogrammet for regionvegane i Hordaland i fylkesbudsjettet for 2010, og ber om at tidlegare vedtekne økonomiske rammer vert ståande i økonomiplanen.

Innstilling frå fylkesrådmannen fall:
1. Fylkestinget viser til nytt kostnadsoverslag for Jondalstunnelen som inneber ein kostnadsauke på 279 mill. kr.
2. Fylkestinget viser til regionreforma som er venta gjennomført frå 2010 der m.a. riksvegar – utanom stamvegar – saman med fylkesvegar vert klassifiserte som regionvegar.
3. Fylkestinget vil koma attende til finansiering av Jondalstunnelen i samband med handlingsprogrammet for regionvegane i Hordaland i fylkesbudsjettet for 2010.

Sjå heile saka på http://polsak.ivest.no/

Simon Sortland 17.04.2008 15:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart