Rekorddeltaking på tettstadskonferansen i Eidfjord

Over 150 vil delta på den regionale tettstadskonferansen i Eidfjord ”Den inkluderande staden”. Førstemann ut etter opninga av konferansen er forfattar Kjartan Fløgstad. Politikarar, næringsdrivande, kommunetilsette, fagfolk, eldsjeler i lokalsamfunna og m

Arrangørar av konferansen er Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Eidfjord kommune. Målgruppe er alle som er engasjert i ei positiv utvikling av tettstadane i alle kommunane i fylket.

Påmeldinga er endå større enn ved Hordaland fylkeskommunes tettstadskonferanse på Voss i 2007, og er i ferd med å sprenge hotellkapasiteten i Eidfjord. Der er også påmeldte frå fleire kommunar og etatar  i Sogn og Fjordane, Rogaland, Telemark og Møre og Romsdal.

Blant spørsmåla som blir stilt på konferansen er:
* Korleis skape engasjement og drivkraft for å utvikle eigne stadar og lokalsamfunn?
* Korleis skape eit levande sentrum med attraktive og inkluderande møteplassar?
* Korleis kan vi trekkje til oss nye ressurspersonar og innbyggjarar – som blir buande?
* Kan vi med god stadutvikling skape synergieffektar – som genererer nye aktivitetar?
* Korleis kan vi klare å finansiere nye prosjekt ved samarbeid og spleiselag?

Konkurranse
Dei gode tidene vi no har vore i her til lands, gjer at folk kan velje å bu på dei mest attraktive stadane. Reelt konkurrerer Hordaland med andre fylke og regionar om arbeidskraft og innflyttarar.
Byar, tettstadar og lokalsamfunn må opplevast som attraktive for at folk skal finne det interessant å bli innflyttarar, det gjeld både det fysiske miljøet, kulturtilbod og korleis nye folk blir tatt imot.

Skape byrom
Fokus på estetikk og arkitektur er viktig, men i tida som kjem bør arkitektar og byplanleggarar fokusere meir på det å skape byrom, gater og møteplassar som i seg sjølv verkar inkluderande, og som opnar for ulike måtar å utfalde seg eller leve på.
Til å tenke høgt kring desse spørsmåla har fylkeskommunen også invitert mellom anna Georg Arnestad og arkitekturpsykolog Eirik Glambek Bøe. Sistnemnde formidlar ulike metodar for å kartleggje korleis dei fysiske omgivnadane verkar på oss. Det kjem også ei rekkje konkrete døme frå ulike tettstadar og byar både i Hordaland og elles i Noreg.

Programmet (pdf)

Heimesida til tettstadkonferansen i Eidfjord

Kari Øvsthus 23.04.2008 13:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart