Prøveprosjekt med helsefagskule i Fusa og på Fitjar

Hordaland skal til hausten få fagskuletilbod innan helsefag. Fylkestinget godkjente 24. april at det vert sett i gang fagskuletilbod innan helsefagutdanning ved Fitjar og Fusa vidaregåande skular. Tilbodet i Fusa skal vera innan psykisk helsearbeid og på

Tidsavgrensa
Det vert i denne omgang lagt opp til at desse fagskuletilboda vert tidsavgrensa prosjekt i perioden frå hausten 2008 til sommaren 2010.

Ved begge skulane skal desse fagskuletilboda gjennomførast som deltidsutdanning over to år.

Igangsetjing av tilbodet er av godkjenning fra NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen).

Kostar 2 mill. kr
Kostnadene med to års drift av desse klassane er budsjettert til 2 mill. kr. Fylkeskommunen har fått 1 mill. kr i statstilskot og reknar med å få 0,6 mill. kr til. For å kunna oppretta tilbodet går fylkeskommunen inn med 400 000 kr i eigendel.

Må vera fullfinansierte
Fylkestinget har vedteke at dersom det skal skje utviding eller oppretting av nye tilbod ut over det store omfanget Hordaland fylkeskommune sitt fagskuletilbod har, så skal tilboda vera fullfinansierte av staten.

Nytt på landsbasis
Helsefagskule er eit nytt tilbod på landsbasis og eit av statsingsområda til staten. Dersom Hordaland fylkeskommune kan visa til to godt utprøvde helsefagskuleutdanningar vil dette klart betra sjansen til å få driftsmidlar frå ei ny statleg finansieringsordning, når den kjem på plass, heiter det i saksutgreiinga.

Lenkje
Nytt tilbod ved Fitjar vidaregåande – helsefagskule eldreomsorg

Stanley Hauge 28.04.2008 14:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart