
Leiar av Kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Njåstad, leiar delegasjonen til Canada og skal møte den canadiske kulturministeren.
Handverkstradisjonar i historisk samanheng
Prosjektet er retta mot reiselivet der levande handverksverksemd blir kombinert ved å setje handverkstradisjonane inn i historisk samanheng. Verksemder som satsar på dette, blir kalla ”economuseum”, men dette blir ikkje eit museum i vanleg forstand. Dette blir handverksverksemder der produksjon av tradisjonelle og nyskapande handverksprodukt skal leggje til rettes for ei reiselivsoppleving der handverkstradisjonane og den historiske samanheng vert synleggjort. Verksemda får dermed også ein ekstra arena for omsetjing av sine produkt direkte til kjøpar, og såleis meir solid grunnlag for vidareføring av handverkskunnskapen.
Unikt regionalt internasjonalt samarbeid
I Canada er dette konseptet solid utprøvd med eit levande nettverk av 46 slike verksemder. EU satsar på å byggje opp liknande nettverk i Europa. Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for EU-prosjektet.
– Dette er eit unikt regionalt internasjonalt samarbeid. Målet er å skipe 18 handverkssenter i Europa, derav fem her i landet, i Hordaland, Bergen og Aurland, over dei tre åra prosjektet skal vare, opplyser Inderhaug.
Delegasjon
Ein større delegasjon frå Vestlandet reiser til lanseringa i Quebec i Canada. I delegasjonen er fagfolk frå Hordaland fylkeskommune, ulike vestnorske forskingsmiljø, handverksbedrifter og kommunar. Delegasjonen blir i Canada frå 7. til 12. april og skal delta på ulike møte i tillegg til sjølve lanseringa på torsdag 10. april.
Frå Canada til Russland
EU-prosjektet ”Economuseum Northern Europe” er det første prosjektet som Vest-Noreg tek del i innafor det nye NPP-Nordleg periferi programområdet som omfattar land heilt frå Russland sine vestlege regionar til Canada sin austkyst.

Terje Inderhaug er prosjektleiar for EU-prosjektet ”Economuseum Northern Europe” som er det første prosjektet som Vest-Noreg tek del i innafor det nye NPP-Nordleg periferi programområdet som omfattar land heilt frå Russland sine vestlege regionar til Canada sin austkyst.